Hopp til innhold

– Høgskulefusjon i nord var ein suksess ...

... men i nord var universitetet med på fusjonen, det er dei ikkje i vest. Og i Finnmark ville høgskulen fusjonera. I Sogn og Fjordane har dei fått det tredd ned over hovudet.

Sveinung Eikeland

FLEIRE STUDENTAR OG MEIR FORSKING: - Høgskulen i Finnmark sin fusjon med Universitetet i Tromsø i 2013 har vore ein suksess, seier ein av hovudarkitektane bak samanslåinga, tidlegare høgskulerektor i Finnmark, Sveinung Eikeland.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– For oss har fusjonen med vore ein suksess. Veldig mykje har gått bra, og me arbeider mykje betre på mange område enn før. Me ser òg at kunnskapssektoren i nord er inne i ei god utvikling.

Slik oppsummete tildegare rektor ved Høgskulen i Finnmark (HiF), Sveinung Eikeland, samanslåinga med Universitetet i Tromsø (UiT) i 2013, då han presenterte fusjonserfaringane sine med dei tilsette ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) på dagens fagdag.

Flest føremoner

Eikeland, som i dag er viserektor ved det nye Universitetet i Tromsø, var sjølv ein av hovudarkitektane bak fusjonen. Her er lista hans over positive verknader for Finnmark etter samanslåinga:

  • Studentsøkjartalet er dobla
  • Opptaket av studentar har auka
  • Fleire stipendiatstillingar (fire-årige forskarstillingar for å skriva doktorgrad)
  • Fleire masterutdanningar
  • Har tryggja femårig lærarutdanning
  • Betre rekruttering av fagfolk med doktorgrad
  • Finnmark har fått legeutdanning (5. og 6. året)
  • Kirkenes har fått ein eigen campus
  • Makta er flytta frå Oslo til Tromsø

Negative verknader

Men Eikeland seier fusjonen òg har hatt negative verknader for Finnmarks-miljøet:

  • Makta er flytta frå Finnmark til Tromsø, og det er lenger veg til leiinga i Tromsø, der avgjerdene blir tekne
  • Teknologien fungerer ikkje godt nok
  • Forskinga har fått høgare prioritet enn undervisning som ein del av det å bli universitet. Studentane får mindre tid med læraren.
  • Administrasjon på Finnmarks-campusane har hamna i enden av styringslinja, noko som har skapt misnøye
  • Forvirring og oppstykking av campus i Alta

Visjon, eigenvilje og universitetet var med

Tre viktige føresetnader er annleis for fusjonen i nord samanlikna med ei eventuell samanslåing mellom HiSF, Høgskulen i Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund:

For det fyrste hadde HiF og UiT ein klar visjon, som var tufta på Stoltenberg-regjeringa si sterke satsing på nordområda:

– Me såg at noko er større enn oss sjølve, og det var den raudgrøne regjeringa si sterke satsing på områda i nord. Det bar heile fusjonsarbeidet og gjer det framleis i dag, seier Eikeland.

For det andre var ei samanslåing noko leiinga ved HiF sjølv ønskte. Ved HiSF har skepsisen vore stor, og det pågåande fusjonsarbeidet kjem etter sterkt påtrykk frå kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Og - for det tredje var UiT positive til fusjon. Det er ikkje Universitet i Bergen.

– Avgjerande at universitetet er med

– UiT søkte etter å bli eit breiddeuniversitet med yrkesutdanningar, som me hadde ved HiF. Så me kom til eit universitet som tenkte som oss, og som var rause. Det var utruleg viktig for fusjonsprosessen, seier Eikeland.

– Erfaringane frå Finnmark er veldig spennande. Det viser at det går an, seier Trond Ueland, styreleiar for HiSF.

– Men kor relevant er Finnmark-dømet for fusjonsprosessen på Vestlandet når ikkje Universitetet i Bergen er med som motor?

– Det skil oss. Men samstundes har Høgskulen i Bergen samarbeid med universitetet. Så relasjonen vil vera tett, og det er noko me må utfordra universitetet endå meir på.