Hopp til innhold

– Høgre må få fram at vi faktisk gjer bra ting for Vestlandet

FØRDE (NRK): Høgre slit med dårlege meiningsmålingar i distriktskommunar om dagen. Arbeidsminister Anniken Hauglie rår distriktshøgre til å kome meir på offensiven.

Anniken Hauglie på fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane Høgre

PÅ VESTLANDET: Arbeidsminister Anniken Hauglie har brukt helga si på Vestlandet, og har mellom anna vitja bedrifta Westcon i Florø. Ho har også vore med som gjest på Sogn og Fjordane Høgre sitt fylkesårsmøte.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Mitt klare råd er å halde fram med å synleggjere alt det positive som skjer i Sogn og Fjordane, og halde fast på at det Høgre sine løysingar som fungerer, seier Hauglie.

I helga hadde Sogn og Fjordane Høgre fylkesårsmøte, og arbeidsministeren var på besøk for å inspirere og gje råd.

Les også: Høgre når ikkje fram i distrikta

Tidlegare denne veka fekk partiet seg ein kalddusj med ei svært dårleg måling i Firda, der dei ikkje hadde nokon frå fylket inne på Stortinget. Fleire har peikt på kommunesamanslåingar og nedlegging av politikontor som ein grunn til at Høgre for tida taper seg i distriktet.

Anniken Hauglie held tale for Sogn og Fjordane Høgre

KLARE RÅD: Arbeidsminister Anniken Hauglie hadde fleire klare råd til høgrepolitikarane frå Sogn og Fjordane, mellom anna at Høgre no satsar på omstilling i næringslivet, og at Vestlandet kjem til å tene på det.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Meiner regjeringa har styrka Vestlandet

Arbeidsministeren brukte mykje av tida si på fylkesårsmøtet på å snakke om kvifor regjeringa sin politikk faktisk er bra for distrikta og for Vestlandet.

– Det har vorte mykje enklare å vere gründer og forretningsdrivande sidan vi tok over. No vil Arbeidarpartiet auka skattane med 15 milliardar om dei vinn valet. De kan jo spørje bedriftene her langs kysten dykkar om dei er interesserte i det, sa Hauglie til fylkesårsmøtet.

Ho ser ingen grunn til å la seg knekke av nokre dårlege målingar, og hevdar at regjeringspartia jamt over har gjort det bra på meiningsmålingane det siste året.

– Vi må berre godta at ein stundom får målingar som ikkje er så hyggelege, det viser berre kor viktig det er at vi no brettar opp ermene og jobbar jamt og trutt med å synleggjere politikken vår.

Laster innhold, vennligst vent..

– Vi er ikkje på defensiven

Høgre sin førstekandidat før stortingsvalet til hausten meiner at god høgrepolitikk er god distriktspolitikk, og at det er det partiet må få fram i valkampen.

– Sogn og Fjordane er faktisk eit fylke som går veldig bra. Vi har låg arbeidsløyse, ein fantastisk god skule og eit næringsliv som gjer veldig mykje bra. Den regjeringa vi har no har gjort mykje bra for næringslivet og for gründerar, og det skal vi få fram i valkampen, seier Frida Melvær.

Melvær sit også i Høgre sitt distriktspolitiske utval, som jobbar særleg med å forme den politikken som Høgre skal drive valkampen på i distriktskommunar.

– Høgre har alltid hatt distriktspolitikk, men det utvalet eg sit i er nytt, og det er oppretta for å synleggjere Høgre sin politikk i distriktsfylke og distriktskommuner,seier Melvær.

Frida Melvær

PÅ OFFENSIVEN: Askvoll-ordførar og stortingskandidat Frida Melvær gler seg til å drive valkamp, og føler at Høgre har mange gode løysingar for Sogn og Fjordane som ho gjerne vil fortelje om.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ser ikkje noko sentralisering

Kritikarar av regjeringa sitt arbeid hevdar ofte at kommunereforma og politireforma eigentleg handlar om å sentralisere makt og arbeidsplassar inn til byane. Melvær er ikkje samd i den analysen.

– Nei, det er eg ikkje. For å ta politireforma, så har eg heia på den sjølv om eg kjem ifrå ein kommune som mistar lensmannskontoret. Det handlar om å få meir synleg politi ute i kommunane.