NRK Meny
Normal

– Ho har 18 forskjellige som ser til ho

– Det er tøft og slitsamt å ikkje kjenne seg trygge på at dottera vår er trygg, seier far Oddleiv Yndestad.

Oddleiv Yndestad

FORTVILA: Oddleiv Yndestad har kjempa i 30 år for den multihandikappa dottera si.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Fjaler kommune fekk kritisk tilsynsrapport om tenestene til utviklingshemma. Eit halvt år etter meiner pårørande at kommunen manglar vilje til å betre seg. Kommunen avviser kritikken.

I 30 år har foreldra kjempa for den multihandikappa dottera, og uroa slepp aldri taket.

– Ho er ei veldig snill jente, men ho er skeptisk til nye folk. Ho kommuniserer ved hjelp av lydar, signal og blikk, seier Oddleiv Yndestad.

I sommar avdekka Fylkesmannen manglar med tenestene i Fjaler.

18 tilsette som ser til ho

I fylgje Yndestad har dottera i periodar hatt 26 assistentar, førre månad var talet 18 pluss nattevakter, i tillegg kan det kome vikarar.

– Ideelt sett skulle ho ha ned mot sju personar å halde seg til.

Yndestad meiner kommunen manglar vilje til å betre seg og følgje opp enkeltvedtak:

– Situasjonen har blitt verre. Ho står ikkje opp så tidleg som ho burde. Ho får altfor kort tid på seg til å vere i drosje til dagsenteret. Det er vaksenopplæring vi ikkje får i gang.

– Vi strekker oss det vi kan

Men ordførar i Fjaler Gunhild Berge Stang (V) avviser at situasjonen er blitt verre.

– Vi kjenner oss ikkje igjen i kritikken om manglande vilje. Vi strekker oss til det ytterste for at vi skal bli betre.

Gunhild Berge Stang

FORSVARAR TENESTENE: Ordførar i Fjaler Gunhild Berge Stang (V)

Foto: Josef Tveit / NRK

Kommunen er i gang med å betre tenestene i tråd med tilsynsrapporten, seier Stang. Samstundes er det krevjande å skaffe folk:

– Mangel på faglærte er ei utfordring som Fjaler deler med resten av landet. Det blir jobba med det. Vi har tilsett fleire høgskuleutdanna, og vi held på å utdanne fleire av våre eigne tilsette.

Meiner kommunen så langt har levert

Fylkeslege Per Stensland seier tilsynet med Fjaler var eit overordna tilsyn med tenestene til kommunen.

Kommunen har tatt tilsynsrapporten inn i forbetringsarbeidet, og fylkeslegen vil ettergå arbeidet. Avvika er så langt ikkje lukka:

– Vi har ingen grunn til no å seie at dei ikkje forbetrar arbeidet i tråd med det vi har gitt dei oppdrag i å gjere, seier Stensland.

Skjønar dei pårørande

Ved månadsskiftet hadde kommunen, fylkeslegen og Yndestad dialogmøte om tenestene til dottera.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

SKAL MØTE: Fylkeslege Per Stensland skal møte pårørande og kommunen i Fjaler tysdag.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Stensland vil ikkje gå i detalj, men seier han håpar prosessen kan gjere Yndestad nøgd. Samstundes skjønar han at mange pårørande til utviklingshemma er uroa:

4 av 5 undersøkte kommunar i 2016 leverte for dårlege tenester.

– Eg skjønar alle pårørande, dei har stått i dette, og har opp gjennom åra måtte kjempe sterkt for å få forsvarlege tenester. På landsplan er det framleis langt igjen til tenestene er gode nok, seier Stensland

Oddleiv Yndestad meiner lokalpolitikarane burde engasjere seg:

– Det er veldig slitsamt at det skal vere så mykje styr om enkle ting.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.