Hopp til innhold

– Hjorten tek foret

Bondelagsleiar i Sogn og Fjordane, Anders Felde, meiner at hjortebestanden i fylket er altfor stor og at ein så stor hjortebestand går utover fôret til bøndene. Felde seier hjorten no byrjar å gå på innmark og ikkje berre utmark. Bondelaget får dagleg telefonar frå bønder som fortel om store hjorteskadar. – No må vi ta eit skippertak for å redusere hjortestammen, og då snakkar vi om ein reduksjon på bortimot 50 prosent av dagens stamme, seier han. – Vestlandsbonden har rett og slett ikkje råd til å halde oppe denne hjortestammen som vi har i dag.

Hjort
Foto: Arne Flatin / NRK