– Her skal det kome nytt hotell

I dag opna politikarane lommeboka for å nå målet: – 2017 har vore eit trasig og tungt år. Vi saknar storstova og den motoren hotellet var for bygda, seier ordførar Stein Robert Osdal.

Selje hotell

RUIN: Lite har skjedd på tomta etter brannen. No vil Selje kommune bruke millionsum på å rydde tomta, før dei vil forsøke å selje den til investorar som vil starte hotell igjen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er eit sterkt ønskje å få tilbake eit hotell. Vi ser no at seljebygda med hotell og seljebygda utan hotell er to vidt forskjellige bygdesamfunn, seier han.

Det brannskadde hotellet i Selje har stått tomt sidan brannen i november 2016. Det har skjedd lite med ruinane og tomta etter brannen. Deler av hotell intakt, men har fått røyk- og vasskadar etter herjingane til flammane. Romfløya vart totalskadd i brannen.

Dømd for brannstifting

I fjor haust vart hotelldirektøren dømd for brannstifting, noko han og har tilstått. Styreleiaren vart dømd for medverknad til økonomisk utruskap, medan kjøkkensjefen vart frifunnen. Frifinninga av styreleiaren for brannstifting er anka av påtalemakta.

Politiet meinte at dei dei tre brørne starta brannen for å byggje opp att eit nytt hotell for forsikringssummen. Hotellet var forsikra for 71 millionar kroner.

Ryddearbeidet koste tre-fire millionar

Det er ingen tvil blant politikarane i Selje om at det må byggjast eit nytt hotell i bygda. I dag vedtok eit samrøystes kommunestyre å kjøpe tomta frå Opplysningsvesenets fond og samstundes betale for rivinga av hotellbygningen.

Stein Robert Osdal

BLAR OPP: Ordførar Stein Robert Osdal.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Kor stor sum kommunen må bla opp for å få dette i boks, vil ikkje ordføraren ut med.

– Det er eit forhandlingsspørsmål vi skal ta med Opplysningsvesenets fond, så det er ikkje avklara enno. Vi har eit estimat på kva det slik cirka vil koste, men eg vil ikkje gå ut med det enno, seier Osdal til NRK.

Fjordenes Tidende har tidlegare skrive at Selje kommune har fått eit overslag som seier at det vil koste ein stad mellom tre og fire millionar kroner berre å rydde opp etter brannen. Rådmann Ørnulf Lillestøl understreka denne gongen at dette berre var eit overslag.

I sakspapira til gårsdagens kommunestyremøte vert det omtalt eit låneopptak på åtte millionar kroner som skal finansiere både tomtekjøp og rydding. Målet er å leggje tilrette for ei investering på 120-150 millionar kroner, skriv rådmannen.

– Fleire er interesserte

Ordføraren er tydeleg på kva som er målet med kjøpet.

– Eit kjøp gjev oss full kontroll på tomta og vil gjere det mogeleg for oss å selje den vidare til investorar som vil byggje hotell. Då kan vi og få igjen heile eller deler av den summen vi har lagt ut i denne prosessen.

– Er det altså slik å forstå at viss nokon vil kjøpe tomta og byggje hotell, så må dei betale for den ryddejobben de no gjer?

– Ja, slik i utgangspunktet. Men dette vert jo eit forhandlingsspørsmål med framtidige investorar.

Osdal seier dei har kontakt med fleire som kan vere interesserte i starte hotelldrift på tomta. Men eit sal vil verte lyst ut på denne opne marknaden slik at alle interesserte skal ha same mogelegheiten til å få kjøpe.