Hopp til innhold

– Her er nesten ikkje DAB-dekning nokon stad

STAD (NRK): No er det under ein månad til NRK går over til å berre sende på DAB-nettet i Sogn og Fjordane, men ytst ute på Stadlandet fortvilar dei over dårleg dekning.

Misfornøgde folk på Stadlandet

IKKJE NØGDE: Rolf Ervik og Jarle Teige er lite fornøgde med at dei ikkje får inn DAB-dekning i traktoren sin på Stadlandet.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det er irriterande at det ikkje er dekning. Det er jo kjekt å kunne høyre på radio når ein er ute og køyrer, seier Rolf Ervik.

Han fortel at det nesten ikkje er DAB-dekning på ytste Stadlandet. At det er kjekt å høyre på radio er ein ting, men Ervik seier at dei også er heilt avhengig av god radiodekning så langt ute på kysten.

– Radiodekninga handlar jo og om å få inn viktig sikkerheitsinformasjon når det er aktuelt. Vi er også heilt avhengige av å få inn vêrmeldingar her ute.

Sambygdingen Marita Årevik har lenge vore kritisk til sløkkinga av FM-nettet, og er ikkje blitt mindre skeptisk no når det nærmar seg.

Radio utan DAB-dekning på Stad

UTAN DEKNING: Slik ser radioen ut på ytste Stadlandet når han er stilt inn slik at han berre tek inn DAB-signal.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Les også: Provoserte over elendig DAB-dekning

– Eg tykkjer det verkar som at det er for dårleg utprøvd ute i distrikta. Det verkar som eit nett som er bra for sentrumsnære stader, men det er veldig viktig at vi har dekning her ute og, seier Årevik

Stadlandet er ein av dei mest verutsette plassane langs vestlandskysten, og årevik tykkjer det er særleg frustrerande å tenkje på at ein ikkje har radiodekninga om det skulle bli skikkeleg uver.

– Når det er dårleg ver, så er det jo radioen vi set oss ned og lyttar på. Då har vi vanlegvis ikkje mobildekning her, og då er det veldig viktig at vi i alle fall har radiodekning.

– Kan bli naudsynt å gjere noko

Petter Hox er radiodistribusjonssjef i NRK. Han fortel at dei er klar over at det er dårleg DAB-dekning heilt ute på Stadlandet.

– Honningsvåg og nokre andre stader heilt der ute ligg veldig lukka til, så der vil det nok bli naudsynt å gjere noko.

Petter Hox

VIL VURDERE Å GJERE GREP: Radiodistribusjonssjef i NRK Petter Hox seier at det kan hende dei vil vurdere å gjere grep for å betre dekninga i Honningsvåg.

Foto: NRK

Hox seier at i tilfelle der ein ikkje har god nok dekning, er det eit alternativ å setje opp mindre sendarar som kan gjere dekninga betre.

– Det er veldig bra at folk seier ifrå, slik at vi får høve til å utbetre dekninga vår. Hugs at det tok 40 år å byggje ut FM-nettet, så vi må få litt tid på oss, seier Hox.