Hopp til innhold

– Helse Vest bryt mållova

Sylfest Lomheim, direktør i Norsk språkråd, seier at folk som jobbar i staten ikkje kan bli tvinga til å bruke ei viss målform.

Sylfest Lomheim

Arkivbilete: Sylfest Lomheim, direktør i Norsk språkråd.

Foto: NRK

Han seier dette etter at det kom fram at legar på Vestlandet blir tvinga til å snakke bokmål når dei skal nytte eit nytt talegjenkjenningsprogram.

LES: Bokmålstvang for legar

Språkrådet ber no departementet ta tak i saka.

– Uakseptabelt

Janne Nygård

Janne Nygård, nestleiar i Norsk Målungdom.

Lomheim får støtte frå Norsk Målungdom.

– Dette handlar om å få nytte språket sitt på jobben, fortel Janne Nygård, nestleiar i Norsk Målungdom.

Ho seier det er avgjerande for språkbrukarane at dei får nytte språket sitt i alle situasjonar, og særleg der språkleg grannsemd er viktig.

– Å avfeie dette som eit spørsmål om budsjettrammer er uakseptabelt, meiner nestleiaren.