På styremøtet 30. september skal Helse Førde gjere endeleg vedtak om strukturen i sjukehustenestene.
Samstundes har Stortinget bede regjeringa om å leggje fram ein analyse av kva slags rolle lokalsjukehusa spelar i spesialisthelsetenesta.
Fylkesutvalet meiner Helse Førde no må avvente vedtaket i Stortinget før styret gjer endringar i lokalsjukehusa.
– Eit formidabelt tilbakesteg
Nils R Sandal fryktar for lokalsjukehusa. Foto NRK.
Fylkesordførar Nils R Sandal fryktar at ytterlegare kutt kan truge framtida for lokalsjukehusa.
– Helse Førde har eit formidabelt press for seg når det gjeld økonomi, men vi i dette fylket er opptekne av at loklasjukehusa skal spele ei viktig rolle for befolkninga også i framtida. Dersom ein tek vekk vesentlege tenester som lokalsjukehusa har i dag, vil det svekke sjukehusa ytterlegare, og då er vi redde for framtida til lokalsjukehusa. Og det ville vera eit formidabelt tilbakesteg for Sogn og Fjordane.