NRK Meny
Normal

Over 100 millionar har høyrt Iselin synge i superhit

Stemma til Iselin Solheim frå Naustdal er blitt lytta til 100 millionar gonger på Spotify, og 22 millionar har sett vidoen av "Faded".

Iselin Solheim

PÅ VIDEO: Iselin Solheim blir trekt fram i lyset på videoen som no er lansert.

Foto: Ann Kristin Engbakken

– Det er fantastisk, det er litt surrealistisk, eigentleg. Det bikka 100 millionar streams fekk eg beskjed om. Det er heilt vilt, men veldig gøy, seier Iselin Solheim på telefon frå flyplassen utanfor Stockholm fredag ettermiddag.

Låten "Faded" er miksa av den norsk-britiske musikkprodusenten Alan Walker. "Fade" heitte første versjonen av låten og vart gitt ut i 2014. Men i desember kom den i ny versjon, med tekst og song av Iselin Solheim.

Laga video i Sverige

"Faded" gjekk rett til topps på VG-lista, og gjorde det same på Spotify etter berre to veker. I tillegg til dei enorme tala på Spotify blir låten spelt på radiokanalar over heile verda, og den er sett 22 millionar gonger på Youtube.

For kort tid sidan var Iselin i Sverige for å møte Alan Walker og spele inn video til ein ny og meir akustisk versjon av låta. Denne er alt sett 270.000 gonger på Youtube.

– Vi var i Stockholm og laga video for nokre veker sidan. Det var veldig spennande, og så var det litt artig at vi kunne gjere ein litt annleis versjon av låten. Den kom fram på ein litt annan måte i den versjonen.

– Kjekt å få vise seg fram

Videoen vil nok føre til at jenta frå Naustdal blir betre kjend og i større grad assosiert med «Faded».

Iselin Solheim

– HAR SETT MITT PREG PÅ LÅTEN: Iselin Solheim frå Naustdal.

Foto: Jens Bredberg

– Folk synest sikkert det er kjekt å få vite litt meir. Det har vore nokre «behind the scene-videoar» som vart lagde ut som gjer at ein kan bli kjend med meg og. Det er veldig kult, synest eg.

For fram til no har namnet Iselin Solheim i liten grad blitt knytt til «Faded», sjølv om det er hennar røyst som folk høyrer.

– Det blir slik når ein er «ghost-vokalist». Eg vart med på prosjektet og visste at det var slik det kom til å bli. Men så ville dei ha meg med i ein video, og det er kjempekjekt. Det er ein fin bonus å få vere med og vise seg fram. Det er bra promo for meg.

Held tett om vidare planer

– Dette er noko eg kan vise til at eg har gjort. Det kan inspirere meg vidare, for eg har lyst til å halde fram med min eigen musikk. Eg har sett mitt preg på låten til Alan Walker, og då er det ekstra kjekt at det har gått så bra.

Iselin Solheim vil ikkje seie så mykje om planane framover.

– Eg held no på med mitt, eg har ikkje noko eg kan seie så mykje om enno. Det kjem musikk frå meg når den er klar, så får vi sjå når det blir.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.