Hopp til innhold

– Heilt sikker på at det ikkje er ein skarv

Ein ubåt vart observert i Askvoll laurdag, og denne gongen er det ingen tvil. – Det er i alle fall ikkje ein skarv.

Ubåt i Askvoll

GRANESUNDET: KNM Utsira er på veg til Florø stadfestar Forsvaret.

Foto: Jeanette Søreide

– Vi lo då vi såg den. Det har vore så mykje styr med ubåt i det siste, så det var litt artig då den dukka opp. Vi såg klart og tydeleg kva det var, ler Jeanett Søreide.

Ho knipsa eit blinkskot av ubåten, som ho også såg eit norsk flagg på. Og frå Forsvaret blir det stadfesta at KNM Utsira er på tur.

– Den er på veg mot Florø, på eit rutinemessig tokt, seier Major Elisabeth Eikeland, talskvinne for Forsvarets operative hovudkvarter.

Elisabeth Eikeland

TOKT: Elisabeth Eikeland hjå Forsvarets operative hovudkvarter seier dagens ubåtbesøk i Askvoll ikkje har noko å gjere med hendingane i mars å gjere.

Foto: Kaspar Fuglesang

Det er berre kort tid sidan det vart klart at politiet slo ubåtalarmFrank Vik frå Dale i Sunnfjord melde frå om det han meiner var ein ubåt. Forsvaret har fått kritikk etter hendinga fordi dei ikkje sjekka ut om det var ein ubåt i Dalsfjorden. Det var på det dåverande tidspunktet ikkje meldt om kjende norske eller allierte ubåtar i området. Eikeland seier dagens tokt ikkje har noko med denne hendinga å gjere.

– Nei, dette er tokt som vi er på året rundt.

Båten vart sett i Granesundet, som ligg i ein sidefjord av Dalsfjorden.