Hopp til innhold

– Har kriseplanen for søppelhenting klar

Miljøselskapa i Sogn og Fjordane jobbar på spreng med å finne løysingar for å få henta søppelet hos kundane etter at RenoNorden slo seg sjølve konkurs i går.

SIMAS avfallsanlegg i Sogndal

JOBBAR MED LØYSINGAR: Konkursen i Reno Norden får også konsekvensar for SIMAS i Sogn.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi har sidan i sommar vore budde på at noko slikt kunne skje, seier Jøril Hovland som er styreleiar i Sogn interkommunale miljø og avfallsselskap SIMAS.

Måndag kveld opplyser selskapet RenoNorden i ei børsmelding at dei er konkurs. Nordens største renovasjonsselskap skriv at dei 6. september gjekk i nye forhandlingar for å kvitte seg med ulønsame kontraktar som var inngått i 2015 og byrjinga av 2016. I børsmeldinga heiter det at det har selskapet ikkje lukkast med.

RenoNorden hentar søppelet til innbyggjarane i alle kommunar i Sogn og Fjordane, med unnatak av i Flora og Årdal.

– Har ein plan

Hovland seier dei har vore i kontakt med Danske Bank for å høyre kva som ligg i konkursbuet. Før dei har fått denne tilbakemelding vil ho ikkje vere konkret på kva planar dei jobbar med.

Jøril Hovland

KRISEPLAN: Jøril Hovland er styreleiar i Sogn interkommunale miljø og avfallsselskap SIMAS.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Vi har for så vidt lagt ein kriseplan, men vi veit ikkje kva konkursbuet vil gjere. Før vi veit det kan ikkje vi heller seie kva vi vil gjere, seier Hovland.

Før sommaren vart det kjent at RenoNorden hadde vanskar med økonomien. Sidan i vår har selskapet arbeidd for å avslutte ulønsame kontraktar. Det har også i lengre tid vore forhandlingar med bankane som er kreditorar for å kome fram til økonomiske løysingar.

I Sogn jobbar Hovland med å gjere verknadane for abonnentane minst moglege.

– Vi skal gjere det vi kan for å finne gode mellombelse løysingar, men vi kan ikkje gå i detalj før vi veit kva konkursbuet kan godta, seier Hovland.

– Fryktar ikkje søppelkaos

– Eg fryktar ikkje at vi skal få eit søppelkaos. Eg trur vi skal klare å halde unna dei verste toppane. Eg håpar og trur at også konkursbuet ynskjer at samfunnet skal få desse tenestene, så eg trur ikkje vi skal krisemaksimere på dette stadiet, seier Hovland.

RenoNorden har også avtalar med dei interkommunale miljøselskapa i Sunnfjord og Nordfjord. Måndag kveld har NRK ikkje lukkast å få kommentarar frå Sunnfjord Miljøverk. I Nordfjord startar dei tysdag arbeidet med å få plass eit alternativ.

– Vi har ikkje sette i verk noko konkret, men har tenkt på eit par alternativ som vil vere mogleg å sette i verk på kort varsel, seier Kristen Hundeide som er styreleiar i Nordfjord Miljøverk NOMIL.

Også i Nordfjord har dei vore budde på at dette kunne verte resultatet av dei økonomiske vanskane til Reno Norden.

– Eg er rimeleg trygg på at vi skal få på plass eit alternativ ganske fort, slik at dette ikkje skal få konsekvensar for abonnentane, seier Hundeide.