Hopp til innhold

– Har ikkje lyst å juble før eg kan

Venstre sin Sveinung Rotevatn får etter alle solemerke utjamningsmandatet i Sogn og Fjordane. Men sjølv om over 99 prosent av stemmene er talde opp, vil han ikkje sleppe jubelen laus for fullt enno.

Sveinung Rotevatn

GLAD: Sveinung Rotevatn (V) byrjar kjenne seg sikker på utjamningsmandatet, men vil ikkje sleppe jubelen laus for fullt før det er heilt endeleg.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Vi er snart på 100 prosent, men det manglar framleis nokre stemmer, og eg kjenner ikkje matematikken så godt at eg veit kor store marginane er, seier Rotevatn og legg til.

– Eg kjenner og meg sjølv så godt at eg ikkje har lyst byrje juble før eg kan juble.

Men sjølv om Venstre si unge lovande stjerne altså ikkje kjenner seg heilt sikker på stortingsplass enno, så har han svært mykje å juble for. Både på landsplan og i Sogn og Fjordane gjorde partiet eit god val.

– Eg er strålande nøgd på alle moglege måtar, jublar Rotevatn til NRK.no like over klokka 07 tysdag morgon.

Med ein oppslutnad på 5,2 prosent er Venstre inne med ni mandat på stortinget.

– Eg er først og fremst nøgd med at Venstre har gjort eit solid comeback. Vi gjorde eit katastrofeval i 2009, og no er vi tilbake med ei stor gruppe på stortinget. Det er det viktigaste, seier han.

Valsiger i heimkommunen

Sogn og Fjordane er det fylket der Venstre går desidert mest fram, og det gir Rotevatn god grunn til å smile sitt breiaste smil.

– Vi er det tredje største Venstre-fylket, etter Oslo og Akershus. Vi går fram i alle kommunar, med unntak av Vik, der vi står stille.

– Og Eid er den største venstrekommunen i landet. Det er sjølvsagt ekstra kjekt for meg som eidar at vi får så mykje støtte på heimebane. Så eg smiler i dag, seier han til NRK.no.

Glad for samla støtte

Men det har ikkje alltid vore sjølvsagt at partiet lokalt skulle mobilisere kreftene for han. Venstre hadde tre førstekandidatar, og det var kampvotering før den unge nordfjordingen sikra seg førsteplassen. Han er sjølv svært glad for at partiet har samla seg om han og stått på for han gjennom valkampen.

– Eg er sjølvsagt veldig glad for at eit parti som var splitta på nominasjonsmøtet har klart å seg i ettertid. Eg var veldig bevisst på det, og har besøkt mange av dei lokallaga som ikkje stemte på meg.

– Når valkampen drog seg til, så var vi eit samla parti i heile fylket. Vi stod på stand overalt, og det er først og fremst det som gjer at vi gjer eit godt val. Vi er ein styrka partiorganisasjon som står sterkt i heile fylket.

– Det at mange gode venstrefolk har gått gode for meg på stand og snakka varmt om meg som kandidat, det er ekstra gledeleg, seier han.