NRK Meny
Normal

– Har ikkje brukt senga på fem døgn

– Det er den flottaste fjernsynssendinga eg har sett i heile mitt liv, seier Knut Grimeland frå Førde. 82-åringen har følgd heile den fem døgn lange sendinga heime i godstolen.

Knut Grimeland

82-åringen Knut Grimeland har tilbrakt dei siste fem døgra i godstolen heime i Førde.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

NRK har sendt direkte frå hurtigrutebåten MS Nordnorge si ferd oppover norskekysten. Ferda starta i Bergen den 16. juni, før båten i dag la til kai rett før klokka ti ved siste stoppestad, Kirkenes. Den ferda har Knut Grimeland følgd frå fyrste til siste minutt.

– Det er vanskeleg å rekne i timar på kor mykje eg har sove, men det er ikkje so mykje. Eg har kvilt litt på sofaen av og til, men eg har ikkje brukt senga mi på fem døgn, seier 82-åringen.

Dei få timane han har duppa av, har vore i godstolen framfor fjernsynet.

– Ei fantastisk oppleving

Grimeland har alltid interessert seg for båtar, men han har aldri fått reise heile Hurtigrutestrekninga sjølv.

Knut Grimeland

Slik har 82-åringen tilbrakt dei siste fem døgra.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg og ein kamerat tok hurtigruta frå Florø til Trondheim ein gong, og det var ei flott oppleving. Det var i 1950, og no, 61 år seinare, får eg endeleg oppleva heile turen. Eg veit om hamnene båten stoppar i, men eg har aldri fått sett dei. Det får eg endeleg no, og det heilt utruleg flott.

82-åringen er ikkje i tvil om at dette er noko han kjem til å hugse lenge.

– Alt lyt vike for dette, eg har ikkje ville mista eitt einaste minutt av denne turen. Det er storslege, rett og slett.

Lite søvn

Båtentusiasten har fått med seg det meste av turen, noko som er ei imponerande bragd. Han har mista berre fire av dei 34 hamnene MS Nordnorge har stogga i.

– Det har jo blitt litt søvn av og til, so eg har mista nokre hamner eg gjerne skulle hatt med meg. Eg har vore litt ute og gjort litt for å halda meg i aktivitet og eg har so klart ete litt, men det har berre vore når båten er på lange strekkjer. Og det har berre vore om dagen, på natta vil eg ha med meg alt.

– Klokka var rundt tre om natta, og båten skulle leggja frå kai i Stokmarknes. Då båten fløyta i hornet, levde eg meg so mykje inn i turen at eg la på sprang opp trappa for å rekke å komme meg om bord att på båten. Det var ikkje før eg kom opp i gangen at eg kom på at eg ikkje var på båten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Knut Grimeland 2

Då skipet la til kai i Kirkenes, var eit fem dagar langt fjernsynsmaraton over.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Såg broren

Sendinga vart ved nokre høve veldig spesiell for Grimeland. På grunn av satellittskygge måtte NRK enkelte stader gå inn med gamle arkivklypp i sendinga, og då fekk 82-åringen seg ei stor overrasking. Broren var nemleg kaptein på skipa MS Nordlys og MS Nordstjerne på 1970-talet, og ved fire høve såg Grimeland sin eigen bror på brua under tidlegare hurtigruteseilaser.

– Plutseleg såg eg bror min på fjernsynet, eg visste ikkje at han hadde blitt filma. Det var heilt nytt for meg, og det var veldig rart å sjå han på film.


Kritisk til kritikarane

Dagbladet skreiv i går om sosiolog Trond Blindheim som karakteriserte sendinga som «platt og intetsigende», og«propagandaaktig» for Norge og kyststripa. Grimeland er sterkt ueinig og meiner at dette langt ifrå er skrytefjernsyn. Han meiner at sanninga kjem fram i uredigert form, og at det er det som gjer det so spesielt og flott.

– Det er verkelegheita me får sjå. Me ser landet vårt og kysten vår, og for meg som aldri har fått oppleva dette, so kan eg ikkje få det stort betre.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå