Hopp til innhold

– Har grua meg til denne helga i fleire veker

150 mil og 22 timar bak rattet på tre dagar stoppa ikkje Hilde Elvebakk og resten av Førde-damene frå å få ein perfekt start på volleyballsesongen. Begge Førde-laga står med full pott.

Hilde Elvebakk med ballen

SJÅFØR: Hilde Elvebakk fekk «æra» av å vera sjåfør på turen tilbake frå Trondheim, etter 3–0-sigeren over NTNUI.

Foto: Rune Fossum / NRK

– For å vera ærleg så har eg har grua meg til denne helga i fleire veker no. Mange av oss skal på jobb klokka åtte i morgon og vi er ikkje tilbake i Førde før rundt midnatt, seier Førde-spelar Hilde Elvebakk.

Då NRK snakka med ho på telefonen var ho og lagvenninnene på veg tilbake til Førde frå Trondheim, der dei møtte NTNUI i eliteserien i volleyball. Det enda med 3–0 i sett og siger, akkurat som det gjorde mot OSI i Oslo i går.

Lang tur

Men turen har tatt på. Fredag køyrde dei frå Førde til Oslo. Laurdag spelte dei kamp, før dei sette kursen nordover mot Trondheim og overnatta på hotell. Så var det ny kamp i dag, før turen no går tilbake til Førde. Det blir i om lag 1500 kilometer og cirka 22 timar med bilkøyring.

– Det er god stemning i bilen sidan vi vann begge kampane. Det hadde vore verre om vi hadde tapt, seier Elvebakk.

For med fleire nye spelarar på bana kunne det ikkje gått betre enn i opningshelga for Førde. I fjor hamna damelaget midt på tabellen, men i år er ambisjonane høgare.

– Vi møtte ikkje den tøffaste motstanden no i helga, men det er viktig å spele på seg sjølvtillit som vi tar med oss vidare, seier Elvebakk.

– Kva er målet for sesongen?

Det er å ta medalje, kome til cupfinalen og å nå finalespelet i Nordic League, svarar ho.

Førde volleyball

– Kunne ikkje gått betre

Men det var ikkje berre for damene at årets eliteseriesesong starta denne helga. Førde sitt herrelag er regjerande seriemeister og starta med to sigrar. Laurdag slo dei Stod 3–0 i sett og i dag vart NTNUI slått med same siffer.

– Det er heilt fantastisk. Vi kunne ikkje bedt om ein betre start. Dei første kampane er alltid ekle og det er ekstra spenning og nervøsitet, men vi kom godt utav det, seier Førde-spelar Mathias Loftesnes.

Mathias Loftesnes og Lars Fredrik Tvinde

NØGD: Mathias Loftesnes og Førde-spelarane har all grunn til å jubla over prestasjonane i helga.

Foto: Rune Fossum / NRK

Loftesnes meiner laget er mykje betre no, enn på same tid i fjor. – Vi har tatt mange steg i riktig retning og skal gje jernet heile vegen. Det skal bli vanskeleg å slå oss, seier han.

Alt neste helg skal begge laga i aksjon igjen, men også det på bortebane. Dei første kampane i Førdehuset går først søndag 22. oktober. Då har begge heimekamp.