NRK Meny
Normal

– Har gjort Fjord1 til ein filial

Avtroppande styreleiar og konsernsjef i Fjord1 tok eit sviande oppgjer med fleirtalet i fylkestinget og prosessen som førde til sal av selskapet til Torghatten då dei var gjester i ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane.

Reidar Sandal og Dagfinn Neteland

SVIANDE OPPGJER: Avtroppande styreleiar Reidar Sandal (t.v.) og avtroppande konsernsjef Dagfinn Neteland i Fjord1.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Fylkestinget har gjort Fjord1 til ein filial. Eit godt drive selskap med store ambisjonar, det største ferjeselskapet i landet, blir ein filial under Torghatten, tordna Dagfinn Neteland, som tidlegare på dagen saman med styreleiar Reidar Sandal varsla at han går av etter det som har skjedd i saka.

– Kvifor må fylkeskommunen selje oss til ein konkurrent? Vi trudde at vi skulle satse på ein industri, eit miljøselskap, leiande i sin bransje, eit fyrtårn, eit kjempeselskap i Sogn og Fjordane, og så sel dei oss rett ut, sa Neteland.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) fekk tilbod om å vere med på direkten i sendinga for å svare på kritikken, men hadde ikkje høve til det.

Jenny Følling avsluttande valdebatt 2015

– HAR FÅTT PRESENTERT SITT SYN: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Må ta vare på selskapet

NRK var i kontakt med Følling nokre timar etter radioinnslaget. Ho sa då at ho meiner styret i Fjord1 har fått rikeleg med høve til å presentere sitt syn på saka.

– Dei var i møte med fylkesutvalet både 26. september og 16. oktober. Ut over det ser eg det lite føremålstenleg å kommentere detaljar i det Sandal og Neteland har sagt. No må vi konsentrere oss om å ta vare på selskapet, mellom anna må vi snarast få valt nytt styre.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå