Hopp til innhold

Fekk eit krasjkurs i sognamaol før juleshow

FØRDE (NRK) Det er blitt ein tradisjon, Helena Bremer Farsund og gjengen sitt juleshow. No er dei også først ut med lokalt kabaret på Larris scene.

Kim Kolstad, Helena Bremer Farsund, Svein Østvik

KLARE: Kim Kolstad, Helena Bremer Farsund og Svein Østvik få timar før premiera onsdag kveld.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Juleshowet «Jakta på julefreden ... trur eg» hadde premiere onsdag som første lokale kabaret framført på nye Larris scene i Førde.

I front står evig-entusiastiske Helena Bremer Farsund. Med seg har ho Svein «Charter-Svein» Østvik i år også.

Nytt av året er at Kim Kolstad – kjend som Jens August i «Hotel Cæsar» – er med.

– Showet er alt frå det mest såre og alvorlege, til det mest ville og gale, seier Svein Østvik.

– Det er mykje song og musikk, det er jo ein kabaret. Eg føler at det noko for alle og noko innanfor ein kvar smak, seier Bremer Farsund.

– Og eit fargerikt persongalleri, ikkje minst, ler Kim Kolstad, som sjølv meiner han spelar «han dritsekken frå Austlandet».

Trioen vitja NRK Sogn og Fjordane si ettermiddagssending få timar før første førestilling onsdag.

Krasjkurs

– De jakta på juleshowet i fjor også. Kva er skilnaden på jakta i år?

– Enda fleire karakterar, og nye karakterar som jaktar på julefreden på sin måte. Enkelte i fjor har forsvunne, men vi har òg gjengangarar, seier Bremer Farsund.

– Det er nytt show, nye musikarar, Kim er med på laget, nye karakterar, nye kordamer, reklamerer ho.

På vegen har Charter-Svein slite med sognedialekta. Framleis skjønar han ikkje heilt kva det blir snakka om til tider. Kim Kolstad har fått krasjkurs i sognamaol.

– Vi er klar, så til dei grader klar til å glede publikum, seier Helena Bremer Farsund.