Hopp til innhold

Då er første fjellovergang stengd - og fleire kan det bli

Vinden er byrja å feste grepet om fjellovergangane. – Skal du over er det lurt å gjere det no, oppmodar Statens vegvesen.

Vikafjellet ved Hestavollen

STENGT: Riksveg 13 er stengd over Vikafjellet. Prognosane tyder ikkje på at den kan bli opna att med det første.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Meteorologisk institutt sende tysdag kl 12 ut eit obs-varsel for Sogn og Fjordane. Her fortel dei at det tysdag er venta sterk søraustleg vind som kan gi lokale vindkast på 25-30 m/s. I fjellet er det varsla søraust liten og periodevis full storm 25 m/s. Sterk vind kan gi snøfokk og dårlege køyretihøve på fjellovergangane.

Vikafjellet er stengt, og på Hol - Aurland er det fare for kolonnekøyring. Det er framleis fri ferdsle over Hemsedalsfjellet, Filefjell og Strynefjellet. Men mykje snøfokk gir dårleg sikt.

– Og dårlegare skal det bli, oppsummerer vaktoperatør Roger Nedberge Hille hos Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Kraftig vind

Roger Nedberge Hille

OPPMODING: Roger Nedberge Hille oppmodar reisande om ta seg over fjelloverganane så raskt som råd.

Foto: Privat

Med unntak av Hemsedalsfjellet fortel prognosane om vind på over 20 meter i sekundet på fjellovergangane. Truleg blir vinden kraftigast på Strynefjellet med over 25 meter i sekundet allereie frå kommande natt.

Det vil verkeleg få snøen til å flytte på seg. Truleg kan Filefjell igjen vise seg som den sikraste fjellovergangen.

– Det er meldt dårlegare i ettermiddag og kveld. Meir vind kan nok resultere i både meir kolonne og fleire stengde fjell, seier Hille.

– Ta turen no

Vaktoperatøren rår reisande til å følgje med på trafikkmeldingane frå Statens vegvesen.

Og å ta til på turen no om ein skal over. Det er framleis kolonne på både E134 Haukeli og riksveg 7 over Hardangervidda.

– Ja, no er det rimeleg greitt å komme seg over dei fjellovergangane som er opne. Både i kveld og i morgon er det meldt mykje dårlegare vêr, så det er best å komme seg over så fort som mogleg, avsluttar Hille.