NRK Meny
Normal

– Håplaust å få avisa fem dagar for seint

Rune Timberlid seier han aldri veit om avisa ligg i postkassa eller ikkje.

Rune Timberlid

FRUSTRERT: Førre veke fekk Rune Timberlid Aftenposten si torsdagsavis fem dagar forseinka. – Det er frustrerande å nesten alltid få avisa for seint.

Foto: Arne Stubhaug

– Det er heilt kaos. Ein anar ikkje kva tid avisa faktisk kjem.

Timberlid abonnerer på Aftenposten på papir frå torsdag til søndag. Ifølgje han kjem søndagsavisa på torsdagar, medan torsdagsavisa kjem over helga.

– Frustrerande

– Det er veldig frustrerande. Ein har betalt for å få eit produkt levert, men den jobben blir ikkje gjort, meiner Timberlid.

Men det er ikkje berre abonnentane som er frustrerte Også avisredaktørar fortvilar.

Tormod Flatebø, redaktør i Fjordabladet, seier han har stor forståing for at folk er frustrerte.

– Det skjønar eg godt. Det er verkeleg vi og.

Fryktar dei mistar lesarar

Flatebø er uroa for at forseinka aviser vil føre til at folk seier opp papirabonnementa sine.

– Aviser er ferskvare. Viss du ikkje får ferskvara di, ønskjer du ikkje å få den i det heile.

Flatebø seier han tek imot telefonar kvar einaste veke frå kundar som klagar over at avisa ikkje er komen med posten.

– Vi betalar fleire millionar kroner i året for at Posten skal levere aviser. Det einaste dei skal gjere er å leggje ho i postkassa, viss dei ikkje greier det, er det veldig dårleg.

– Gjer det vi kan

John Eckhoff, pressesjef i Posten Noreg, seier dei gjer det dei kan for å få posten fram raskt nok.

– Det er mange faktorar som avgjer kva tid posten kjem fram. Redaktørane må også tenkje på kva tid dei leverer avisa frå seg til distribusjon. Det er til dømes ikkje distribusjon lenger i helga.

Eckhoff seier kundar som opplever at dei ikkje får avisa i tide, må ta kontakt med kundeservice hos Posten Noreg.

Rune Timberlid håpar han slepp å utelukkande lese nyheiter på nett i framtida.

– Viss det er det einaste alternativet eg har, må eg sjølvsagt det. Men eg likar betre å lese grundige saker på papir.