Helse Vest krev at Helse Førde skal gå i balanse innan utgangen av 2005. Det inneber ei innsparing på 80 millionar i den årleg drifta av det lokale helseføretaket.
– Dette blir tilnærma ei umogleg oppgåve, seier Kapstad.
Tilsvarer to avdelingar
Dei store kutta i Helse Førde tilsvarer drifta av både kirurgisk avdeling og medisinsk avdeling ved sentralsjukehuset i Førde.
Alt no – innan utgangen av januar – skulle helseføretaket leggja fram ein plan som konkretiserer innsparingstiltaka. Kapstad seier at det ikkje har vore mogleg å halda denne innleveringsdatoen, og ber no Helse Vest om ein ny frist.
– Eit absurd spel
– Når vi får ei utfordring som er så stor, og vi ikkje får lov å gjennomføre tiltak for å møte desse utfordingane, vert det ei hålaus oppgåve vi er sette til å gjere, seier den administrerande direktøren for Helse Førde. Han peiker på misforholdet mellom økonomiske utfordringar og krava frå Helse Vest og staten. – Dette verkar som eit absurd spel, seier Kapstad.