Hopp til innhold

– Handlar ikkje om vegdekke

Næringslivet i Stryn har gått saman og asfaltert omkøyringsvegen i Utvik. – Det har ingen betydning for trafikkreguleringa, seier Statens vegvesen.

Asfaltering av vegen i Utvik

ASFALTERING: Vegvalsar i arbeid på omkøyringsvegen i Utvik.

Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

– Vi meiner heile prosessen har vore ineffektiv og ikkje handtert på den rette måten. Det er grunnen til at vi har gjort dette, seier Richard Grov ved Hotel Alexandra.

I natt kom ny asfalt på plass på omkøyringsvegen i Utvik. Den var betalt av næringslivet i Stryn. Richard Grov var ein av initiativtakarane til dette.

Det var Fjordingen som først omtala saka.

– Det er 250 meter med asfalt, det var ikkje meir det var snakk om. Dette er små summar, og hadde det vore vilje, så hadde dette vore løyst for lenge sida, meiner han.

Asfaltering av vegen i Utvik

UTVIK: Sjølv om vegen har fått ny asfalt, vil ikkje turistbussane kunne passere seier Statens vegvesen.

Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

Vil ha turistbussar på vegen

Omkøyringsvegen forbi Utvik vart onsdag opna for regulert trafikk for køyretøy under 3,5 tonn. No meiner initiativtakarane til asfalteringa, at vegen skal kunne handtere køyretøy på meir enn 3,5 tonn.

Hotelldirektør ved Alexandra

INITIATIVTAKAR: Richard Grov meiner at omkøyringsvegen er god nok for turistbussar etter at den vart asfaltert.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi er heilt tydeleg på at turistbussar kan køyre denne strekkja, og det er grunnen til at vi har gjort dette. Eg håpar verkeleg at dette legg press på Statens vegvesen og vegeigar som er fylkeskommunen, seier Grov.

Har ikkje betydning for reguleringa

– Vi registrerer det, og det er fint, men det har ingen betydning for trafikkreguleringa som blir gjort der. Problemstillinga har ikkje vore om ein har fast dekke eller ikkje, seier Svein Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Svenn Egil Finden

FORSTÅR FRUSTRASJONEN: Avdelingsdirektør Svenn Egil Finnden i Statens vegvesen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Han meiner ikkje at asfalteringa er bortkasta, men det er andre forhold som gjer at vegen er stengd for køyretøy over 3,5 tonn.

– Det er arbeidet utanfor vegen som er bestemmande for trafikkreguleringa, arbeidet som skjer på bruene, mellom bruene og over fjellet, seier han.

Finden seier han har forståing for frustrasjonen til aktørane i næringslivet.

– Eg forstår svært godt at dei er utolmodige. men vi jobbar alt vi kan for å få dette på plass.