Hopp til innhold

– Han var ein markant leiar

Tidlegare leiar ved Norsksenteret, Aud Hestvik, hugsar den 37 år gamle terrormistenkte som markant.

Terrormistenkt pågripes i Duisburg, Tyskland 35

Den terrormistenkte vart pågripen i Duisburg i Tyskland.

Foto: xtranews.de

– Har var forsåvidt ein vanleg kursdeltakar, men vi registrerte at han var ein markant leiar for muslimane, seier Hestvik til NRK.no.

Ifølgje VG var Førde fyrste staden i Norge den 37 år gamle terrorsikta mannen frå Irak kom til. Han er tidlegare styreleiar for Førde islamske senter.

– Han ville noko

Aud Hestvik

Aud Hestvik hugsar mannen.

Foto: Privat

– Han var ein mann som ville noko, og det må ein kanskje vere når ein er leiar, seier Hestvik.

Mannen kom til Førde i 1999 og budde der til han flytta til Austlandet i 2002. Torsdag morgon vart han pågripen av tysk politi då han var på ferie i byen Meiderich.

Han er saman med to andre sikta for å ha planlagt terroråtak i Norge.

– Der er ille

Mannen var tidlegare elev ved Norsksenteret i Førde, og Hestvik som er tidlegare leiar ved senteret, hugsar 37-åringen godt.

– Kva synes du om det som har skjedd?

– Det er ille. Men det vi kan vere redd for er at folk flest vil kome til å sjå på muslimane som potensielle terroristar, og det blir fryktleg feil, svarar Hestvik.