NRK Meny
Normal

– Han sa at ei bombe ville gå av om 51 sekund

Tre tenåringsjenter fekk fullstendig panikk då ein mann spøkte om at det ville gå av ei IS-bombe i bygget - rett etter at dei var evakuerte.

Massoma Jurmy brann

SKUMMELT: Massoma Jurmy fortel at den pågåande brannsituasjonen gjorde den dårlege spøken ekstra vanskeleg å avsløre.

Foto: Privat/Geir Bjarte Hjetland

Massoma Jurmy og dei to venninnene sat på Peppes Pizza då det byrja å brenne i kjøpesenteret Handelshuset i Førde laurdag kveld. Jentene vart evakuert saman med alle dei andre.

Dei gjekk rundt på andre sida av bygget, i nærleiken av Spar, for å sjå kva det var som skjedde. Medan dei stod der kom det ein mann bort til, med ein svært ubehageleg bodskap.

– Han såg ikkje heilt god ut. Det såg ut som at han var påverka av alkohol, så eg avviste han. Då spurte han på engelsk om vi hadde høyrt om IS, og sa at ei bombe kom til å gå av der om 51 sekund, fortel 17-åringen.

Fekk panikk

Ifølgje Jurmy hadde mannen nordisk utsjånad, men det at ho først avviste han fordi ho opplevde framferda som ubehageleg, kan ha vore grunnen til at han snakka på engelsk, fortel ho.

Jentene fekk panikk. Dei visste ikkje om dei skulle ta han på alvor.

– Han såg heile tida ned på telefonen medan han snakka. Då verka det endå meir skummelt. Vi visste ikkje kva vi skulle gjere. Vi visste ikkje om vi skulle ta han på alvor, men så tenkte vi «kva om», seier ho.

– Forferdeleg at nokon kan spøke om slikt

Etter kvart prøvde dei å kontakte politiet, men dei hadde såpass stor panikk at dei gløymde nummeret, og dei gløymde at politiet var få meter unna dei, i ferd med å handtere ein brann.

– Då han såg at vi prøvde å finne nummeret til politiet, snudde han seg og sa at han tulla. Det var etter at han hadde gjort teikn til evakuering med hendene, fortel Jurmy.

brann handelshuset

ETTERFORSKAR: Kriminalteknikarar frå politiet er søndag i gang med å granske brannstaden for å finne årsaka.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Ho meiner spøken er forkasteleg, særleg med tanke på at det faktisk er mange som har opplevd angrep frå IS, men også fordi det gjekk føre seg ein dramatisk situasjon der jentene nettopp hadde blitt evakuerte.

– Eg synest det er forferdeleg at nokon har samvit til å gjere slikt, seier Jurmy.

Politiet: – Ekstremt dårleg timing

Operasjonsleiar for politiet, Trond Hatlenes, seier det er heilt uakseptabelt å spøke om slike ting.

– For det første synest eg ikkje noko om at det vert spøkt om slikt. For det andre var det ekstremt dårleg timing, seier han.

Om politiet vil følgje opp saka ettersom at mannen vedgjekk overfor jentene at det var ein spøk, er Hatlenes usikker på.

– Men i utgangspunktet følgjer vi opp alle slike saker. Oppfordringa her får vere at dersom ein er i tvil om ein skal kontakte politiet, så er du ikkje i tvil.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.