Hopp til innhold

– Han får betalt for å vere illojal, og ikkje lite

Avgått Fjord1-sjef Dagfinn Neteland blir premiert for illojalitet. Det meiner Frp om at Neteland får 2,2 millionar i etterløn, etter at han sjølv sa opp stillinga i protest.

Frank Willy Djuvik og Noralv Distad

KRITISKE: Gruppeleiarane til Framstegspartiet og Høgre, Frank Willy Djuvik (t.v.) og Noralv Distad, er kritiske til avtalen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Ein ting hadde vore viss Neteland fekk sparken eller vart sagt opp, men her er det ein frivilleg sak der han vel å gå frå stillinga. At han då skal ta med seg 2,2 millionar kroner, synest eg ingenting om, seier gruppeleiar for Frp på fylkestinget, Frank Willy Djuvik.

– Han får betalt for å vere illojal, og ikkje lite heller, tordnar Frp-toppen vidare.

– Det er usant. Det er inga premiering, men ei oppfølging av ei avtale som vart inngått allereie før Neteland tiltredde stillinga, svarar tidlegare styreleiar i Fjord1 Reidar Sandal.

Vil be om å sjå avtalen

Den langvarige maktkampen mellom styret i Fjord1 og hovudeigar fylkeskommunen, enda med at fylkestinget pressa igjennom viljen sin og vedtok å selje eigarposten i Fjord1 til transportselskapet Torghatten.

Dette førte til at både toppsjefen i Fjord1, Dagfinn Neteland, og fleire styremedlemmar i Fjord1, med styreleiar Reidar Sandal i spissen, trekte seg i protest. Neteland fekk ei etterløn på 2,2 millionar kroner.

Dagfinn Neteland og Reidar Sandal

Dagfinn Neteland og Reidar Sandal på veg inn til møte på fylkeshuset før salet av Fjord1. Dei var tydelege i si misnøye med salet.

Foto: Grete Roska / NRK

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) likar ikkje etterlønsavtalen, og vil be om å få sjå han.

– Nei, eg er overraska over at avtalen kan utløyse etterløn i den situasjonen som selskapet er i. Det er heilt klart at det er styret sitt ansvar.

Jenny Følling fylkesutvalet 7. desember 2015

Jenny Følling.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Du vil be om å få avtalen: Betyr det at du ikkje stoler på det Reidar Sandal har gjort her?

– Eg tenkjer styret har handtert saka, men det må også vere greit at eigar får sjå avtalen.

– Folk reagerer nok negativt

Reidar Sandal seier det må vere opp til sitjande Fjord1-styre om dei vil gje Følling innsyn i etterlønsavtalen. Han angrar ikkje på at han gav Neteland ei solid etterløn.

– Styret gjekk inn i dette etter nøye vurdering. Dette er eit dokument som er utarbeida av folk med den fremste kompetanse på arbeidsrettsforhold. Eg føler meg veldig trygg på vurderingane. I tilsetjingsavtalen heiter det at han har rett til etterløn dersom det skjer vesentlege strukturendringar i selskapet, mellom anna vesentlege endringar i eigarsamansetninga, seier den tidlegare styreleiaren.

Gruppeleiar i Høgre, Noralv Distad, er kritisk til etterlønsavtalen. Heller ikkje fylkesleiar i Krf, Trude Brosvik, har sans for Neteland si etterløn.

Trude Brosvik avsluttande valdebatt 2015

KrF: Trude Brosvik.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Ein bør ikkje inngå den typen lønnsavtalar der direktøren får etterløn om han seier opp i protest. Folk reagerer nok veldig negativt på den typen etterløn, seier Brosvik.

– Ein avtale som må følgjast opp og handhevast på ein sakleg måte. Det er det vi har gjort no når eigarsituasjonen er fundamentalt endra, seier Sandal.