– Det er veldig viktig at ein ikkje er i kontakt med hundar i utlandet

Om ein reiser utanlands, er det særleg ein ting du må vere obs på for å unngå rabies.

Gatehundar i ndia

VER MERKSAM: Gatehundar i India. I mange land kan dyr føre med seg smitte.

Foto: fancycrave.com

– Det er veldig viktig at ein ikkje er i kontakt med hundar i utlandet.

Det seier Kristine Mørch, overlege ved Haukeland universitetssjukehus. Ho er leiar ved Nasjonal kompetanseteneste for tropiske infeksjonssjukdomar.

– Rabies er eit av dei virusa som kan gje veldig alvorleg hjernebetennelse, seier ho.

I helga vart det kjent at pasienten som er innlagd på Førde sentralsjukehus har rabies. Det er det første tilfellet på fastlandet i Noreg sidan 1815. Pasienten vart biten av ein hund på reise i Asia.

Dødeleg sjukdom

Fleire personar frå heile landet som var i det same reisefølget, vert no følgt opp av helsevesenet der dei bur.

Rabies er ein alvorleg virussjukdom som smittar frå dyr til menneske via bit, kloring eller slikking, ifølge Folkehelseinstituttet.

– Det som er så spesielt med rabies er at hjerneinfeksjonen gjev symptom som ingen andre sjukdomar har. Ein får ein frykteleg redsel og angst for vatn. Ein kan ikkje svelge vatn, seier Mørch.

Dette symptomet vert kalla hydrofobi. Ein rabiessmitta vil også få muskelspasmer dersom han eller ho får eit luftdrag over ansiktet – aerofobi.

– Så kan dei få lammingar, og etter kvart vil ein hamne i koma, seier Mørch, og held fram:

– Dessverre er det i dei fleste tilfella ein dødeleg virusinfeksjon.

Kristine Mørch, overlege ved Haukeland universitetssjukehus

EKSPERT: Kristine Mørch, overlege ved Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Haukeland universitetssjukehus

Kan likne influensa

– Viss ein får hydrofobi og aerofobi, så er det ingen andre sjukdomar som har desse symptoma. Men i starten av rabiessjukdomen så kan det byrje med influensaliknande symptom i eit par dagar, seier ho.

Og sjølv om det er ein sjeldan sjukdom i Noreg og Europa, så er det mange som vert råka i andre delar av verda.

– Rabies er enormt vanleg i fattige land. I til dømes India er det 20.000 menneske som døyr av rabies kvart år.

Men det finst enkle måtar å beskytte seg på:

– Ved å vaksinere seg på førehand så er ein beskytta. Og om ein oppsøker ein lege med ein gong etter at ein er biten av hund, så kan ein også beskytte seg med ein vaksine, seier Mørch.

Det er ikkje naudsynt å vaksinere seg om ein skal til land som Spania og Frankrike.

– Men viss ein skal vere på landet i Asia, Afrika og Sør-Amerika, så skal ein tenkje på å ta rabiesvaksine.

Her får du ei innføring i den dødelege virussjukdommen.

VIDEO: Her får du ei innføring i den farlege virussjukdommen.