Hopp til innhold

– Hadde tunnelane vore eit hotell, så hadde dei blitt stengde på dagen

Brannsjefen meiner tryggleiken på hovudvegen mellom nordvestlandet og Austlandet står til stryk.

Strynefjellet

KRITISK: Det har vore mange ulukker i Strynefjellstunnelane etter at dei vart opna på 1970-talet. Det store fryktar er bussbrannar. Arkivfoto.

Foto: JØRGEN WEAR

I mange år har politikarar og transportnæringa gjenteke kravet om at det må byggjast ein ny tunnel på den sterkt trafikkerte hovudvegen mellom Sogn og Fjordane, Sunnmøre og Austlandet.

Låg takhøgd og smal vegbane gjer det spesielt vanskeleg når større køyretøy skal passere kvarandre. Men også branntryggleiken uroar mange.

– Kjem seg ikkje ut av brennande tunnel

Seinast i fjor slo ein vanleg hauststorm ut naudsambandet og alle tre tunnelane vart stengde.

– Hadde Strynefjellstunnelane vore eit hotell, så hadde dei blitt stengde på dagen på grunn av branntryggleiken, seier brannsjef i Lom og Skjåk, Atle Festervoll.

Det var Sunnmørsposten som først omtalte saka.

Denne veka var Festervoll til stades på eit møte mellom kommunane Stranda, Stryn og Skjåk for å diskutere Strynnefjellsvegen. Og han er tydeleg på kva som er kritisk med tunnelane.

– Dei er smale og tronge. Det er ikkje ledesystem slik at folk kan komme seg ut, og det tek kring 45 minuttar for brannvesenet å kome seg dit. Tunnelane mangar og naudnett og naudlys.

Fryktar bussbrannar

– Kva fryktar du dagen det eventuelt smell?

– Det verste vi ser for oss er at det tek fyr i ein eller fleire bussar. Korleis skal folk då komme seg ut av tunnelen? Det kan bli ei stor utfordring.

– Kva bør bli gjort no for å få det betre?

– Skal vi ruste opp tunnelane, så bør det komme betre ledesystem og DAB-dekning på telefon, slik at bilistar kan få informasjon. I dag vil ingen som er i tunnelane få informasjon verken på radio eller i andre kanalar.

Brannsjefen: – Eg er spent på tilbakemeldinga

– Korleis er det som brannsjef å vite at ein har ei slik brannfelle?

– Det er ei stygg utfordring for oss. Tidlegare har det vore truga med å stenge, men det er ikkje så enkelt å få stengt ein så viktig veg som riksveg 15 over Strynefjellet.

Festervoll seier at dei no har hatt tilsyn i tunnelane og at ein rapport er sendt til Statens vegvesen.

– Eg er spent på tilbakemeldingane på rapporten.

Sven Flo

JUBEL: Stryn-ordførar Sven Flo (H) jubla då regjeringa i fjor bestemte seg for å byggje ein lang tunnel gjennom Strynefjellet.

Foto: Silje Guddal / NRK

Regjeringa vil ha lang tunnel

Seinast i fjor gav regjeringa beskjed til Statens vegvesen om å halde fram planlegginga av ein ny og lang tunnel som skal erstatte alle dagens tre tunnelar. I tillegg skal den nye tunnelen få ein sidearm til Geiranger. Men det er uvisst når bygginga av den nye tunnelen kan starte.

Meldinga vart teken imot av ein jublande ordførar i Stryn, Sven Flo (H):

– På ein skala frå éin til ti? Elleve! Dette er heilt fantastisk. Eg heldt på å ta med meg hakke og spade for å starte på jobben på morgonkvisten i dag.