NRK Meny
Normal

– Hadde ikkje køyrt ut med moderne rekkverk

Sogn og Fjordane har om lag 85 kilometer veg med rekkverk som er under ein halv meter høg. Vegvesenet meiner moderne rekkverk kunne ha stoppa ulukkesbilen i Selje.

LÅG KANT:

LÅG KANT: Bilen Wahid Babaie (19) og Ida Tahooni Kivi (18) sat i for over kanten ved Røyrvikneset.

Foto: Silje Guddal / NRK

Fylkesveg 618 i Selje, der to ungdomar frå Florø tragisk omkom, er berre ei av mange vegstrekningar med særs dårleg rekkverk i Noreg. Murkanten på ulukkestaden er mykje lågare enn dei nye murkantane som blir sette opp. Jan Remø, avdelingsingeniør i Statens vegvesen, trur dødsulukka kunne vore avverja.

– Dersom ein hadde hatt eit heilt nytt, moderne betongrekkverk der ville det mest sannsynleg ha stoppa bilen, seier Jan Remø til NRK.

Remø legg vekt på at ulukka skal granskast og at ulukkesgruppa vil finne ut kva for ei fart ulukkesbilen hadde, men han legg ikkje skjul på at dårleg rekkverk kan få fatale følgjer.

elevrådsleiar Margrete Kvalheim

MARKERTE MED LYS: Elevrådsleiar Margrete Kvalheim tenner eit lys til minne om Wahid Babaie og Ida Tahooni Kivi.

Foto: Steinar Lote / NRK

Beklagar ulykka på det sterkaste

Sogn og Fjordane fylkeskommune er eigar av vegen og leiar i samferdsleutvalet beklagar ulukka på det sterkaste.

– Det er tragisk og veldig beklageleg det som skjer. Det er viktig å ta ein gjennomgang av sikringa i fylket. Rekkverk og sikring av veg er gitt prioritet men det er framleis eit stort sikringsbehov, seier Noralv Distad (H).

Distad seier dei må vente og sjå kva for resultat som kjem frå vegvesenet sin gjennomgang. Då kan fylkeskommunen sjå kva for behov som finst og gjere tiltaka som trengst.

– Standarden er ikkje god nok

Dødsulukke i Selje

RØYRNESET: Tips frå publikum gjorde at politiet konsentrerte søket etter dei sakna ungdomane like sør for Runderheim i Selje kommune.

Foto: Inge Skavøypoll / NRK

Jan Remø er byggjeleiar for vegrekkverk i Sogn og Fjordane og har god oversikt over standarden på vegane i fylket. Når det det blir bygd nye vegar er det særs strenge krav til utforminga av vegrekkverka, men gamle vegar treng ikkje å ha same standard som nye vegprosjekt.

– Det finst mange låge støypekantar og rotne trestolpar i rekkverk som ikkje hjelper noko særleg om ein køyrer på dei. Dersom ein har litt høg fart kan ein fort køyre rett over. No finst det nyare og betre løysningar som vil vere meir trafikksikre, seier Jan Remø til NRK.

Ved nye vegprosjekt blir det berre brukt nye, moderne rekkverk som er CE-merka. Desse er testa i full skala og kvalitetskontrollerte før dei blir tekne i bruk. Overingeniør for bruseksjonen i vegdirektoratet, Bozidar Stankovic, skriv handboka for korleis rekkverk skal brukast i Noreg.

– Føremålet med vegrekkverk er å redusere personskadar ved alvorlege ulukker. Ved påkøyrsel skal køyretøyet leiast langs rekkverket til det stoppar, og det er særs effektivt, seier Bozidar Stankovic til NRK.

Vegopning på Bergum i Førde kommune