Hopp til innhold

– Grotesk Hiroshima-samanlikning

– Det å samanlikne eit gruveutslepp med kjernefysisk krigføring, er direkte grotesk.

Fjorddeponiet i Førdefjorden

DEPONI: Slik planlegg Nordic Mining å dumpe overskotsmasse i Førdefjorden. Konsekvensen vil vere som eit økologisk Hiroshima, meiner AUF-leiaren.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

Martin Henriksen, Auf-leder

GRUVEMOTSTANDAR: AUF-leiar Martin Henriksen tek i bruk store ord i kampen mot fjorddeponi.

Foto: NRK
Håkon Myrvang

RYSTA: Ordførar Håkon Myrvang meiner det er ei grotesk samanlikning å bruke Hiroshima i retorikken mot gruveplanane.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK
Hiroshima ble slettet med jorden i 1945.

ATOMBOMBE: Eit utbomba Hiroshima sommaren 1945.

Foto: YOSHIMI NAKAMAE / Scanpix/AFP
Steinbrotet i Engebøfjellet

PLANANE: Slik planlegg Nordic Mining gruveanlegget i Engebøfjellet i Naustdal.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining
Engebøfjellet

FØRDEFJORDEN: Engebøfjellet i Sunnfjord. Etter planen skal overskotsmasse frå gruva dumpast i eit deponi i fjorden.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Naustdal-ordførar Håkon Myrvang (Ap) er rysta over AUF-leiar Martin Henriksen sin ordbruk i kampen mot to planlagde gruver.

  • Kva meiner du? Er det greitt at politikarar spissformulerer seg? Sei di meining i kommentarfeltet under artikkelen.

Fjorddeponi og Hioroshima

I eit forsøk på å stogge søknadane om gruveutslepp i Bøkfjorden i Finnmark og Førdefjorden i Sogn og Fjordane åtvara AUF-leiar Martin Henriksen om at ein kunne stå overfor eit lokalt, økologisk Hiroshima.

Det blir ikkje rett å bruke ein slik retorikk for å bli høyrt, meiner Myrvang.

– Å begynne å samanlikne deponi av rein sand med det som skjedde i Hiroshima, det tykkjer eg er heilt forferdeleg, seier Myrvang.

– Ei spissformulering...

Men det er den samanlikninga AUF-leiar Martin Henriksen vel å bruke, når han åtvarar mot utvinning av mineralet Rutil i Engebøfjellet i Naustdal kommune

– Det er ei spissformulering, men det å åtvare mot ei slik ei slik økologisk katastrofe, meiner eg er heilt på sin plass, seier AUF-leiaren

Kjem det børsnoterte selskapet Nordic Mining ASA i gang med gruvedrifta, vil det bety nær 190 nye arbeidsplassar i Naustdal. Ei anna følgje av ei utvinning er eit gigantisk deponi midt i Førdefjorden, kor ein kan dumpe fleire millionar tonn grus, sand og støv frå gruvedrifta.

Tok 300.000 liv

Naustdal-ordføraren regerer på det han oppfattar som usaklege innspel i ein seriøs og viktig debatt:

– Eg sit med ei kjensle av at det er ein trend for å få merksemd. Det er veldig skadeleg å komme med slike formuleringar.

Rundt 300.000 menneske vart drepne av bombene som vart slepte over Hiroshima og Nagasaki i 1945. Når denne katastofa blir samanlikna med gruveutslepp i fjorden, er det ein type retorikk politikarar gjerne tek i bruk i dag, seier medieforskar Elin Strand Hornnes ved universitetet i Oslo:

– Politikarar i dag er i ein større konkurranse om å nå ut til media. Då tyr ein stadig oftare til ein slags skremselsretorikk, seier Strand Hornnes.

– Nødvendig å ta i

Men i AUF meiner Henriksen at det er heilt nødvendig å ta i, for å få sett viktige saker på dagsorden. Han viser mellom anna til at Havforskingsinstituttet har markert seg sterkt mot gruveplanane.

– Det er ei ganske alvorleg åtvaring frå Havforskingsinstituttet. Sjølv om eg spissformulerer meg, så er det altså eit katastrofalt resultat for miljøet som kan bli resultatet av desse enorme utsleppa, seier Henriksen.

I Naustdal fryktar ordføraren derimot at kampen om merksemd kan gå på bekostning av ein sakeleg debatt:

– Eg synest det bringar debattane ut i sidespor, seier Håkon Myrvang.