NRK Meny
Normal

– Greitt å ta avstand frå religion på juleavslutninga

Ved Vågsøy ungdomsskule har dei ikkje hatt julegudsteneste på over 40 år.

Mikhail Sukhanik og Amila Adzemovic

ELEVRÅD: Mikhail Sukhanik og Amila Adzemovic meiner Vågsøy ungdomsskule gjer rett i å ikkje ha skulegudsteneste.

Foto: Asgeir Heimdal Reknsnes/NRK

– Eg tykkjer det er greitt at vi tar avstand frå religion når me skal avslutte skulen, seier elevrådsleiar ved Vågsøy ungdomsskule i Måløy, Amila Adna Adzemovic.

I sterk kontrast til tradisjonane ved mange andre skular i landet, brukar ikkje Vågsøy ungdomsskule å avslutte året i kyrkja.

– Det er ikkje eit spesielt livssyn eller religion involvert, så alle kan føle seg frie til å vere med på det, seier nestleiar i elevrådet, Mikhail Sukhanik.

Vil ta vare på tradisjonar

Norunn Kjøsnes

TRADISJONAR: Norunn Kjøsnes vil ta vare på skulegudstenesten.

Foto: Asgeir Heimdal Reknsnes/NRK

Førre månad blei saka diskutert i Stortinget og spesielt KrF-leiar, Knut Arild Hareide, uttrykte bekymring for at skulane i Voss hadde bestemt seg for å droppe julegudstenesten. Også statsminister Erna Solberg, vedgjekk at ho tykte at born har godt av å oppleve ein julegudsteneste.

Ved Eid ungdomsskule vil dei framleis ha ein julegudsteneste. Men den offisielle juleavslutninga arrangerast i operahuset.

– Eg meiner det er viktig at det er rom for alle, men det er òg viktig å vere bevist på og ta vare på tradisjonar i samfunnet. Eg meiner det har litt med vår kultur og vår historie å gjere, seier rektor Norunn Kjøsnes.

– Religion er ei privatsak

Magni Hjertenes Flyum
Foto: Ivar Aasen-tunet

Leiar i Humanetisk forbund i Nordfjord, Magni Hjertnes Flyum tykkjer det er trist at skulen kan vere ekskluderande for nokre elevar og meiner at religion ikkje høyrer heime her.

– Eg tenkjer på ho vesle jenta som er åtte år og må sitte igjen i klasserommet, medan alle dei andre går for å avslutte før jul, seier ho.

Vågsøy ungdomsskule

VÅGSØY: Ved Vågsøy ungdomsskule har ein ikkje hatt julegudsteneste på over 40 år.

Foto: Asgeir Heimdal Reknsnes/NRK

Utdanningsdirektoratet rår skulane til å droppe gudsteneste som ein del av avslutninga på skuleåret, sidan det finst elevar som ikkje vil i kyrkja.

– Slik som samfunnet vårt er no, tenkjer eg at det å skape felles opplevingar før ein går heim før jul, er vel så viktig som å gå i kyrkja, seier Magni Hjertnes Flyum i Humanetisk forbund.

Elevane som ikkje går i kyrkja har også krav på alternative opplegg. Mange skular har derfor ein gudsteneste tett opp mot jul, utan å kalle det ei avslutning.

– Dette er vår kultur

Kåre Bakke

REKTOR: Kåre Bakke seier ingen saknar skulegudstenesten i Vågsøy.

Foto: Asgeir Heimdal Reknsnes/NRK

Rektor ved Vågsøy ungdomsskule, Kåre Bakke, seier at det ikkje har vore tradisjon for julegudsteneste der og at det heller ikkje er nokon som har sakna den.

Der skal skulen avsluttast med gang rundt juletreet og synging av julesongar.

– Skulen vil ha allsidigheit når det gjeld religion, og vi vil ikkje stengje ute nokon, men inkludere. Dette er norsk kultur og dette er vår kultur, og då gjer vi det sånn, fortel han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.