NRK Meny
Normal

– Godt, men moderat krav, seier bondelagsleiaren

Leiar Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag er godt nøgd med det kravet bondelaget har lagt fram før årets jordbruksforhandlingar.

Anders Felde

NØGD MED KRAVET: Fylkesleiar Anders Felde i bondelaget meiner kravet er bra for vestlandsbonden.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det er eit godt, men moderat krav. Det er moderat fordi vi som bønder har ein gevinst av at renta er så låg. I tillegg må vi ta omsyn til at det ser ut til å bli moderate oppgjer elles i arbeidslivet, seier Felde.

Kravet frå landbruksorganisasjonane er på 950 millionar kroner. Av dette er 490 millionar tenkt finansiert over statsbudsjettet, medan prisauke på mat skal tilføre 380 millionar kroner. Dette skal gi 24.200 kroner i auka inntekter per årsverk.

Fylkesleiaren i bondelaget er med i Felde samdrift på Byrkjelo. Dei driv med mjølk og storfekjøt. Samdrifta har ein mjølkekvote på 630.000 liter og har i alt 220 dyr i fjøset. For tida er 65 av desse mjølkekyr.

Felde trur samdrifta vil kome positivt ut dersom resultatet skulle bli i nærleiken av kravet som no er lagt fram.

– Positivt for vestlandsbonden

– Vi produserer mykje mjølk, og i kravet er det åtte øre literen i auke. Det er positivt for vestlandsbonden generelt. Det er også i kravet 12.000 på driftstilskotet, og det passar godt for dei minste bruka.

Anders Felde

PRODUSERER MYKJE MJØLK: Felde samdrift har 65 mjølkekyr og ein mjølkekvote på 630.000 liter.

Foto: Bård Siem / NRK

Felde kan her og no ikkje seie eksakt kva kravet inneber for han sjølv. Om kravet på 24.200 kroner i gjennomsnittleg inntektsauke seier han dette:

– Det er iallfall ei byrjing. Dersom industriarbeidaren får 16.000 og vi 24.200 så knappar vi innpå det forspranget resten av Norge har på oss lønsmessig med 8.200 kroner. Det er iallfall positivt.

Bondelagsleiaren håpar i utgangspunktet på å nå i hamn med ein avtale, men er også klar for aksjonar.

– Vi håpar alltid på ein avtale, og vi trur også at landbruksministeren er byrje å innsjå at ho treng eit fleirtal rundt seg. Men det er klart at dersom ho ikkje møter oss i det heile på dette krave.t så nøler vi ikkje med bryte forhandlingane.

– Fantastisk yrke

Framleis er det eit stort lønsgap - rundt 200.000 kroner i året - mellom bøndene og resten av samfunnet.

– Det har vore ei svak inntektsutvikling over mange år, så vi må prøve å knappe inn år etter år, så får vi håpe at vi til slutt kan tene like mykje som resten av landet.

– Det er vel kanskje ikkje timebetalinga som gjer at du er bonde?

– Nei, det er fordi eg har eit fantastisk yrke og kan gjere arbeidet slik eg vil kvar dag. Vi tener pengar, men vi kunne ha tenkt oss å tene meir.

Fylkesleiar Anders Felde synest det er bra at kornbøndene blir prioriterte i årets krav.

Bøndene håpar på gode jordbruksforhandlingar

SJÅ TV-SAK: Bøndene håpar på gode jordbruksforhandlingar.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser