NRK Meny
Normal

– Glad dyra vart berga

Etter vanskelege forhold i helga, lukkast det ei alpin redningsgruppe å redde ned tre sauer frå fjellhyllene i Lærdal tysdag.

Dei tre heimkomne sauene

Sigurd Felde, Sander Buene og Øystein Uglum Henjum frå Jostedalen Alpine Redningsgruppe fekk måndag redda ned tre av sauene. Her saman med bonde Gro Nybø.

Foto: Jan Christian Jerving

– Det er heilt fantastisk. Eg synest det er utruleg bra at det gjekk fint i dag, seier bonde Gro Nybø.

NRK skreiv om dei seks sauene som stod fast på to fjellhyller i Lærdal før helga. Sidan då har to sauer falle ned frå fjellhyllene og slege seg i hel. Sauene vart og forsøkt berga ned i helga, men då måtte redningsaksjonen avbrytast på grunn av vanskelege vêrforhold.

Sander Buene var ein av eit redningsteam på tre personar frå Jostedalen Alpine Redningsgruppe som tysdag berga tre av sauene ned frå fjellet. Han fortel at dei er vant til å arbeide i slikt terreng, og at det var kjekt å kunne hjelpe bonden.

Her står sauene faste på hylla.

FASTE: På denne og ei anna fjellhylle har dei seks sauene vore faste, 425 meter over havet.

Foto: Jan Christian Jerving

– Det var spanande. Vi er vande med bratt terreng, men mest vande til å berge ned folk. Menneske er sjeldan like galne som sauer kan vere, dei kan hoppe rundt i alle retningar. Særleg på denne årstida, då kan dei vere litt folkesky etter ein sommar åleine i fjellet.

Mykje sveitting

Buene var sjølv i Lærdal måndag for å rekognosere, slik at dei kunne starte tidleg tysdag. Han seier at det var etter at dei hadde fått tak i sauene at arbeidet starta.

– Dei ville ikkje gå, mange stader måtte vi lage til heissystem for å få dei forbi bratte parti. Vi måtte bruke heile kroppen for å få det til og det vart mykje sveitting. Nokre stader måtte vi samarbeide alle tre for å få med oss ein sau.

God adoptivmor

Framleis står det att ein sau på ei av fjellhyllene. Den fekk ikkje den alpine redningsgruppa med seg ned, og Nybø fortel at den vert avliva onsdag. Ho er svært nøgd med å få ned att tre sauer.

– Eg er takksam for dei eg fekk heim. Den svarte søya får iallfall leve, ho er ei svært god adoptivmor. Så den skal bli verande her på garden, men eg sender ho nok ikkje til fjells att. Lamma har eg ikkje teke stilling til kva skal skje med endå.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå