Hopp til innhold

– Gjevargleda har vore heilt enorm

Dei grusomme bileta frå jordskjelvkatastrofen på Haiti får nordmenn til å opne lommebøkene sine.

Haiti - barn drikker

HAITI: Bileta frå Haiti får folk til å opne lommeboka.

Foto: US NAVY / Scanpix/AFP

Gjevargleda er stor, og på berre ei veke har dei største organisasjonane samla inn over 50 millionar kroner. Førde Røde Kors brukte berre to timar på å samle inn 180 000 kroner i ein spontanaksjon denne veka.

– Heilt utruleg. Gjevargleda har vore heilt enorm. Vi hadde rekna med at vi skulle få inn berre 120 000 kroner, seier Asbjørn Steen, leiar i Førde Røde Kors.

– Berre papir i bøssene

100 bøssebærarar og 40 bilar trengte berre to og ein halv time på jobben i Førde.
Gjevargleda er større en aldri før fortel Steen.

– Det var ikkje lyd i bøssene, for det var berre papir nedi. Eg fekk fortalt at enkelte hadde funne fram feriepengane sine for å putte dei på bøssene. Gjevargleda er tydlegvis stor, seier Steen.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Innsamlingsaksjon

INNSAMLING: Førde Røde Kors samla inn 180 000 kroner. Gjevargleda er stor over heile landet.

Foto: Kristin Vestreim / NRK

Og folk gir så det monnar over heile landet. På berre ei veke har Røde Kors samla inn over 20 millionar kroner, medan Kirkens Nødhjelp har fått inn over tolv millionar.

– Det er kjempebra. Det er ei enrom mobilisering rundt om i heile landet. Vi ser at dette er eit engasjement som er veldig spesielt, og veldig stort, seier kommunikasjonssjef Liv Hukset Wang i Kirkens Nødhjelp.

Organisasjonen har ikkje samla inn så mykje sidan tsunamikatastrofen i 2004.

– Tsunamien var endå større, men dette begynner å ligne, seier Hukset Wang.

– Må bare hjelpe til

Også Redd Barna opplever at dei sterke bileta frå jordskjelvkatastrofen får nordmenn til å ville hjelpe. Dei har allereie fått inn ti millionar kroner, og har skjeldan opplevd liknande, ifølgje Kathrine Solbakken i Redd Barna.

– Eg trur dette engasjerer, og folk ser at det er veldig ille det som skjer no. Her må vi bare hjelpe til, seier Solbakken.

Og framleis strøymer det pengar inn til dei frivillige organisasjonane.