NRK Meny
Normal

Ordførarar: Gje ei dagsløn til flyktninghjelp!

Eid-ordføraren har tatt oppmodinga om å gje ei dagsgodtgjering til hjelpeorganisasjonar som hjelper Syria. No vil han fleire skal gjere som han.

Alfred Bjørlo

IKKJE VALKAMPSAK: – Vi kunne venta ei veke for å ikkje la dette vere ei valkampsak, men det hastar, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det var ordførar og varaordførar i Larvik som fredag i Østlandsposten oppmoda landets ordførarar til å gje ei dagslønn til ein humanitær organisasjon som hjelper flyktningar frå Syria.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo tar utfordringa, saman med varaordførar Gunnvald Ludvigsen i kommunen.

– Vi ønskjer samstundes å gje utfordringa til andre ordførarar i fylket, seier Bjørlo.

Organisasjonane ber om pengar

Han seier det blir gjort mange gode initiativ frå private til å hjelpe flyktningane frå Syria, med fleire ulike innsamlingar av klede og kosedyr.

treåring på flukt døde

STERKT INNTRYKK: Den vesle syriske guten som vart funnen drukna på ei strand har vekt sterke kjensler.

– Meldingane frå hjelpeorganisasjonane er tydelege – det dei treng no er pengar. Så vi vil rett og slett vere med på å reise pengehjelp som er den aller viktigast dugnaden no.

«Vi mener det er på tide å brette opp ermene og vise den unike dugnadsånden som alltid har vært her i Norge når det trengs, og vi ser at mange steder i landet står kjente og ukjente mennesker allerede på for å hjelpe og ta imot de mange flyktningene,»

Ordførar i Larvik, Rune Høiseth

Han håpar også at private, og innbyggjarar i kommunane og næringslivet ser behovet for å hjelpe flyktningane. Han seier det ikkje er viktig kva organisasjon som får pengane, men at det blir gitt pengar.

Oppmodar alle til å gje pengar

– Ei dagsgodtgjering for min del er rundt 2000 kroner.

For ordføraren og venstremannen er det ikkje meininga å gjere dette til ei valkampsak.

– Dette er ikkje eit valkamputspel for å vinne gunst. Dette er folk som treng hjelp. No. Vi kunne venta ei veke, men det hastar og dei treng hjelp no.

Bjørlo kjem til å kontakte dei andre ordførarane i Sogn og Fjordane for å oppmode dei om å gje ei dagsgodtgjering. Så håpar han andre fylke kastar seg på oppmodinga som kom frå Larvik.

– Vi må hjelpe til, rett og slett, seier Bjørlo.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast