NRK Meny
Normal

– Galskap at bussen køyrde inn i tunnelen

Yrkesførar Einar Jordalen kom køyrande bak bussen som brann i Gudvangatunnelen. Allereie i tunnelen frykta han at dette kunne ende gale.

Einar Jordalen

TETT PÅ DRAMATIKKEN: Einar Jordalen frå Voss opplevde bussbrannen i Gudvangatunnelen på nært hald. Han meiner det er galskap at bussen i det heile køyrde inn i tunnelen.

Foto: Privat

Vossingen nådde den svenske bussen att i Flenjatunnelen som er før Gudvangatunnelen på Aurland-sida. Då heldt bussen ein fart på mellom 30 og 35 kilometer i timen. Midt i tunnelen begynte det å komme kvit damp bak bussen, fortel yrkesføraren.

– Det måtte vere ein kjølevasslange eller noko som hadde roke. Det vart ganske mykje damp i tunnelen, seier Jordalen.

Forsøkte å varsle bussføraren

Deretter utvikla det seg til å bli endå meir dramatisk.

– Då vi var mellom Flenjatunnelen og Gudvangatunnelen begynte blårøyken å komme ut og det auka på ganske kraftig. Eg tenkte med meg sjølv at dette kom ikkje til å gå bra, fortel han.

Tunnelbrann Gudvangatunnelen

UTBRENT: Den svenske turistbussen er totalskadd.

Foto: Voss brannvesen

Jordalen fortel at han forsøkte å stogge bussen med å blinke med lysa.

– Eg la meg ut på sida for å blinke med lysa, men grunna mykje møtande trafikk og høg stiging når eg sjølv hadde lastebil, var det ikkje så lett å kome seg ut og varsle.

– Prøvde du å tute?

– Nei, det gjorde eg ikkje. Eg har berre ei heilt vanleg fløyte på bilen, og ikkje noko kraftigare trompet som er normalt på store køyretøy. Eg trur neppe han hadde høyrt ei vanleg bilfløyte, seier lastebilføraren.

– Tenker du i ettertid at det hadde vore verdt å forsøke?

– Det er klart ein kunne gjort i ein slik situasjon, men det tenkte eg ikkje over då. Eg tenkte det var best å markere med lys, men det var ikkje så lett.

– Enormt med røyk

Jordalen trudde bussen kom til å stoppe i ei sidelomme, men i staden køyrde den vidare inn i Gudvangatunnelen. Då heldt han god avstand til bussen, men valde å køyre inn han også i tilfelle bussen kom til å trenge hjelp. Han skjønte at det kom til å gå gale, men ikkje så gale som det faktisk vart.

– Då vi kom eitt par hundre meter inn i tunnelen tok den fyr. Då vart det plutseleg enormt med røyk, og så såg eg flammane stikke ut rundt motorrommet bak, fortel han.

Då han såg dette stogga Jordalen med det same og varsla naudetatane. Deretter begynte han å rygge ut av tunnelen.

Grunna røyken såg han ikkje anna enn nokre flammar og valde difor å trekkje seg ut, sjølv om han ville hjelpe. Jordalen forstår ikkje kvifor ikkje bussen stogga før Gudvangatunnelen.

– Det er rein galskap. Eg skjønar ikkje at han ikkje såg det der på veg opp. Det var såpass mykje røyk at han burde ha sett det mellom tunnelane.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.