Hopp til innhold

– Fylket si framtid står på spel

– Nei-kommunane bør no utnytte det halve året dei har fått ekstra til sjå på kommunesamanslåing på nytt, seier fylkeskommunenestor Knut Henning Grepstad.

Knut Henning Grepstad i fylkestinget

UROA FOR FRAMTIDA: Tidlegare fylkesbyråkrat Knut Henning Grepstad.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Frykta for at heile fylket skal forvitre gjer at den pensjonerte fylkesbyråkraten no engasjerer i samfunnsdebatten på ein måte han ikkje har gjort tidlegare.

– Det er avgjerande viktig no å styrke den kommunestrukturen vi har, slik at heile Sogn og Fjordane kan står sterkast mogleg i kampen om dei offentlege arbeidsplassane som bør vere i Sogn og Fjordane, seier Grepstad.

Tysdag gjekk fylkesmann Anne Karin Hamre ut og åtvara kommunar mot å stå åleine. Hamre meinte kommunane som har sagt nei til samanslåing har gjort det vanskeleg for seg sjølve når Staten no skal fordele hundrevis av arbeidsplassar.

– Det å ha slike arbeidsplassar er ein føresetnad for å ha eit levande næringsliv og ein allsidig kompetanse ut over det som er dei offentlege arbeidsplassane, seier Grepstad.

Dårleg politisk leiarskap

Eit fleirtal av innbyggarane i Sogn og Fjordane har sagt nei til at kommunen der dei bur skal slå seg saman med andre. Grepstad meiner det skuldast at prosessen i forkant av avrøystinga var for dårleg, og kom i gang for seint.

– Eg meiner nok at det ikkje vart utøvd tilstrekkeleg sterkt politisk leiarskap i debatten, og den gjekk alt for raskt føre seg.

Difor meiner Grepstad at det er viktig å nytte det ekstra halvåret som kommunalministeren no har gitt kommunane.

– No har vi moglegheit til å sette i gang desse prosessane på nytt, vi har avgjerdsgrunnlaget som låg frå før folkeavrøystingane, og kommunane kan bruke tida til å forbetre dette, seier Grepstad.

Nye folkerøystingar

Sjølv om det ikkje er naudsynt formelt, meiner Grepstad at det er fullt mogleg å også gjennomføre nye folkerøystingar.

– Kommunestyret kan sjølv gjere vedtak om dei ynskjer det. Men samstundes har ein tid til å ha nye folkerøystingar i månadsskifte november/desember, og så gjere kommunestyrevedtak i god tid.

– Seier du no at folk ikkje visste sitt eige beste då dei sa nei?

– Eg meiner at informasjonen som folk fekk før folkerøystingane burde ha vore betre. Det er eit ansvar for dei som kjenner informasjonen. Vi har høyrt fylkesmannen seie at politikarane hadde informasjonen. Spørsmålet er om den kom klart nok fram til den einskilde veljar, seier Grepstad.