Hopp til innhold

– Fylkesvegane rotnar på rot

Bård Hoksrud (Frp) er sjokkert over tala som byrjar å tikke inn frå fylkeskommunane om vedlikehaldsbehovet på vegnettet.

Vegen til Otterdal er vaska vekk

VASKA VEKK: Uveret Dagmar vaska i romjula vekk store delar av vegen til Otterdal i Hornindal. Det er berre ein av mange fylkeskommunale vegar som må rustast opp.

Foto: Bjørn Lødemel

Fylkeskommunane tok i 2010 over ansvaret for det fylkeskommunale vegnettet, med lovnad om at dei skulle få pengar til vedlikehaldet.

Bård Hoksrud

KRITISK: Bård Hoksrud (Frp).

Foto: Åserud, Lise / Scanpix

Når fire fylkeskommunar no har summert opp behovet, konstaterer Bård Hoksrud (Frp) at fylkeskommunane har fått store økonomiske problem i fanget.

– Her har fylkeskommunane fått eit skikkeleg kjempeproblem med mykje vegar som har enorme vedlikehaldsbehov, seier han.

– Urealistisk

Sogn og Fjordane fylkeskommune la måndag fram sin årsrapport som viser at fylket åleine treng 3,8 milliardar kroner for å halde ved like vegane. For det kostar når bruer, ferjekaier og tunnelar må haldast ved like.

– Det er så enormt at vi nesten ikkje tør tenkje på det, seier fylkesrådmann Jan Øhlckers som i rapporten slår fast at staten må inn med meir pengar om fylkeskommunen skal klare vedlikehaldet.

– Det er heilt urealistisk å auke standarden utan eit eige statleg program for rehabilitering av fylkesvegnettet. Det burde vore løyst alt ved overtakinga i 2010, seier han.

Langt større enn venta

I Nasjonal Transportplan står det at vedlikehaldet vil koste over 25 milliardar kroner . Hoksrud trur beløpet blir langt større.

– No trur eg talet er oppe i ein stad mellom 40 og 50 milliardar kroner. Vi har fått tal frå Møre og Romsdal som seier tre milliardar, Hedmark og Oppland seier 2,6 milliardar og Telemark seier tre milliardar. Dette er nokre av dei få fylka som har gjort jobben, seier han.

– Vil ta opp

Aksel Hagen

TEK OPP: Aksel Hagen (SV).

Foto: Torvild Sveen / NRK

Nyvald leiar i kommunalkomiteen, Aksel Hagen (SV), vil ta opp saka i sin komité.

Han seier situasjonen er uhaldbar for Fylkeskommunane.

– Vi er veldig klare for å ta fatt i desse tala som no har kome fram for å sjå på dette. Det blir useriøst. Det viser seg at fylkeskommunen har fått eit ansvar som ikkje blir finansiert på anstendig måte frå nasjonalt nivå, seier han.