Hopp til innhold

– Fylkesrådmannen tek munnen for full

Leiaren i kontrollutvalet meiner fylkesrådmannen ikkje har grunnlag for å seie at rutinane har vore gode nok, når ein tidlegare leiar i fylkeskommunen no er tiltalt for økonomisk utruskap.

Frank Willy Djuvik

REAGERER: Frank Willy Djuvik reagerer på at fylkesrådmannen bruker kontrollutvalet som grunngiving for at kontrollrutinane har vore gode nok.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det blir feil å bruke kontrollutvalet som sanningsvitne på at fylkeskommunen hadde tilfredsstillande rutinar, seier Frank Willy Djuvik (Frp) som er leiar i fylkeskommunen sitt kontrollutval.

Denne veka vart rettssaka mot ein tidlegare sjef i fylkeskommunen avslutta. Han er tiltalt for grov økonomisk utruskap av 3,7 millionar kroner.

Etter at dette vart oppdaga i februar 2015, skjerpa fylkeskommunen kontrollrutinane sine. Likevel meiner fylkesrådmann Tore Eriksen at dei gamle rutinane var gode nok. Han viser mellom anna til at verken fylkesutvalet eller kontrollutvalet har vore kritiske til måten saka har handtert på.

Frank Willy Djuvik seier at kontrollutvalet ikkje har grunnlag for å seie om dei gamle rutinane var gode eller dårlege, sidan dei ikkje har gjennomført kontrollhandlingar på dette området.

Rådmann

MEINER RUTINANE VAR GODE NOK: Tore Eriksen meiner dei hadde gode kontrollrutinar både før og etter at ein tidlegare sjef i fylkeskommunen vart sikta for økonomisk utruskap.

Foto: ROY RAASHOLM FAUSKE / NRK

Difor meiner han at Eriksen ikkje kan bruke dette som argument for at rutinane var gode nok.

– Eg trur nok fylkesrådmannen tek munnen litt for full når han brukar kontrollutvalet som grunnlag for at ein hadde på plass gode nok rutinar, seier Djuvik.

Eriksen er ueinig

Fylkesrådmann Tore Eriksen er ikkje einig i Djupvik sitt utsegn om at han tek munnen for full.

– Eg meiner at eg ikkje har gjort det, så det vil eg avkrefte, er hans kommentar.

Eriksen har sagt til NRK at dei ikkje tek sjølvkritikk i saka. Han meiner framleis at kontrollrutinane var gode nok, både før og etter at ein tidlegare sjef i fylkeskommunen vart sikta for økonomisk utruskap.

– Eg meiner at rutinane våre før var gode nok. Vi har aldri fått høyre noko anna frå kontrollutvalet, seier Eriksen.

Vil sjekke rutinane

Djupvik seier at dei har ein løpande vurdering av rutinane i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Det kan vere at kontrollutvalet vil gå inn og sjekke dei aktuelle rutinane når rettsprosessen er ferdig.

– Det kan godt hende vi vil gå inn å sjå på om ein hadde gode nok rutinar tidlegare og kvifor ein eventuelt ikkje hadde det, men og sjå på om dei nye rutinane tilfredsstiller våre krav.