Hopp til innhold

– Fylkesrådmannen har tillit

HERMANSVERK (NRK): Fylkesordførar Jenny Følling frå Senterpartiet slår fast at fylkesrådmann Tore Eriksen har tillit hos dei fremste politikarane i Sogn og Fjordane.

Jenny Følling og Tore Eriksen

HAR TILLIT: Fylkesordførar Jenny Følling seier fylkesrådmann Tore Eriksen (t.v.) har tillit.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Avgått administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, seier til Bergens Tidende i dag at han meiner fylkesrådmannen bør gå av fordi prosessen rundt salet av Fjord1 har vore for dårleg.

Følling avviser kontant utspelet.

– Det er ikkje administrerande direktør Dagfinn Neteland som bestemmer om fylkesrådmannen skal gå av. Det er det fylkestingnet som gjer, og fylkestinget har tillit til fylkesrådmannen, og det er det som gjeld, seier ho til NRK.no.

– Bør trekkje seg

Både Neteland og tidlegare styreleiar i Fjord1, Reidar Sandal, trekte seg etter at fylkestinget 23. november vedtok å selje Sogn og Fjordane fylkeskommune sine Fjord1-aksjar til konkurrenten Torghatten.

Bråket rundt salet ser ikkje ut til å ville ha ein ende, og i dagens Bergens Tidende meiner Neteland at også fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane burde trekkje seg. Til avisa seier den tidlegare Fjord1-sjefen at Tore Eriksen må bere mykje av skulda for at eit lite fleirtal, med 16 mot 15 stemmer, i fylkestinget gjekk inn for å selje til ein konkurrent.

Fylkesrådmann Tore Eriksen vil sjølv ikkje kommentere utspelet til NRK.

– Fleirtalet har tillit

Fredag var fylkestinget samla til eit ekstraordinært møte der dei handsama lovlegkontroll av vedtaket om å selje Fjord1. Fleirtalet, med 18 mot 13 stemmer, stemte for at vedtaket var lovleg og forsvarleg. I den fleire timar lange debatten uttrykte fleire politikarar mistillit til rådgjevarane som er brukt i salsprosessen.

Frå talarstolen sa Eriksen at rådgjevarane har vore hans forlenga arm i saka.

– Er det ikkje då ein indirekte mistillit mot fylkesrådmannen i fylkestinget?

– Viss mindretalet hadde vore fleirtalet, så hadde det vore mistillit. Men fleirtalet har sagt at vi har tillit til jobben fylkesrådmannen har gjort, seier fylkesordførar Jenny Følling.

– Vi har ikkje likt prosessen

Fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Hilmar Høl, vil ikkje kommentere Neteland sitt utspel.

– Eg vil ikkje eingong kommentere dette, dette får Neteland stå for. Arbeidarpartiet har ikkje hatt slike tankar, seier Høl.

– Vi er ein politisk organisasjon som har fått utgreiingar som fylkesrådmannen sjølv meiner er kvalitetssikra gjennom konsulentane. Vi har ikkje likt det, og ikkje likt prosessen, men at Neteland har eit slikt standpunkt må han sjølv stå for.

– Medlemmer frå ditt parti har uttrykt ein form for mistillit til rådgjevarane og fylkesrådmannen har sagt at rådgjevarane er hans forlenga arm. Er det då ein implisitt mistillit mot fylkesrådmannen i ditt parti?

– Nei, eg vil ikkje seie det er mistillit mot fylkesrådmannen. Han har eigentleg erkjent frå talarstolen at dei ukjente faktorane er han like ukjent med som oss. Utgreiingane er gjort på eit forretningsmessig og profesjonelt grunnlag som vi ikkje greier å henge med på, men det er ikkje noko mistillit, seier Høl som samtidig legg til:

– Vi har vore tvilande til det vi har fått framlagt, det har vi.