Hopp til innhold

Høgre meiner det er greitt å la fylkeskommunane rotne på rot

Større kommunar vil tappe fylkeskommunane for mange av oppgåvene dei har i dag, og det er heilt greit. Det var signalet frå Høgre sin store kommunalkonferanse nyleg. Resultatet kan bli at fylkeskommunane vil rotne på rot.

Arve Mjømen

SLIK HØGRE VIL: Fylkesleiar Arve Mjømen i Høgre meiner det er naudsynt med ein reform som gjer at fylkeskommunane forsvinn.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det innser fylkesleiar for Høgre, Arve Mjømen.

– Det må ha ein nytteverdi å ha eit forvaltningsnivå. Eg trur nok at fylkeskommunen blir tappa for oppgåver som går til store primærkommunar. Så veit eg at nokon vil ha eit tredje forvaltningsnivå, men i regionform. Det vil seie at fleire fylke kan ta over det nivået.

Høgre har i lang tid meint at det er nok med to forvaltningsnivå her i landet - kommunane og Staten, og har programfesta dette. Men når partiet no er i regjering og har starta kommunereformen, har regjeringa fått beskjed frå Stortinget om at fylkeskommunen, eller det regionale nivået skal bestå.

Det kan på lengre sikt bli vanskeleg, meiner Mjømen.

– Med å gjere fylkeskommunen overflødig med oppgåveflytting vil dette gå den vegen som Høgre og fleire parti meiner er naudsynt i tida som kjem, med at fylkeskommunen ikkje skal eksistere lenger.

– Nonsjalant av Høgre

Krf-leiar Trude Brosvik reagerer kraftig på at det største regjeringspartiet ikkje tek meir omsyn til stortingsfleirtalet.

Trude Brosvik

- MÅ TA OMSYN TIL FLEIRTALET: Fylkesleiar Trude Brosvik i KrF.

Foto: Johan Moen / NRK

– Dette synest eg er veldig nonsjalant av Høgre. Det er eigentleg å seie at dei vil ha ein demokratitreform, og så bryr dei seg ikkje om å ta omsyn til demokratiet. For fleirtalet har bestemt noko anna.

– Men når Høgre meiner to nivå er nok, er det vel ikkje uventa at dei prøver å få gjennom sin politikk - sjølv om det vil ta litt tid?

– Det er ikkje uventa, men Høgre og Frp har ikkje fleirtal i Stortinget. Då er demokratiet faktisk slik at det er fleirtalet som bestemmer. Fleirtalet har sagt at det skal vere tre nivå. Då må dei ta omsyn til det.

– Det å tømme fylkeskommunen for oppgåver før dei har fått på plass det andre regionnivået synest eg er å undergrave Stortinget og dermed folkestyret. Det er ingen som meiner at større kommunar ikkje skal ha fleire oppgåver.

– Gedigen sentralisering

Brosvik trur at det heile kan ende med at svært mykje hamnar i Oslo.

– Det som gjer at fleirtalet vil ha eit regionalt nivå er nettopp for at Staten ikkje skal bli for stor. Har vi berre kommunane og Staten vil denne reformen bli ein gedigen sentraliseringsreform av både makt og midlar.

Høgreleiar Arve Mjømen på si side seier partiet sjølvsagt tek omsyn til stortingsfleirtalet, men vedgår at tema om nye oppgåver til fylkeskommunane ikkje har vore langt framme i partiet sin diskusjon så langt.

– Det har faktisk ikkje vore det. Det har dukka oppatt noi etter valet om vi skal ha eit regionnivå eller ikkje. Eg trur ikkje Jan Tore Sanner har sterke prinispielle haldningar til det. Men det er viktig for Venstre og KrF, har eg forstått, å prøve å få til det.

– Høge på seg sjølv

Brosvik på si side er oppbrakt over signala ho oppfattar frå regjeringspartia.

– Ja, eg er veldig oppbrakt. Eg blir sint dersom Høgre og Frp turar fram og tømmer for oppgåver utan å ta omsyn til det Stortinget har bestemt. Det får vere måte på å vere høge på seg sjølv.

Oppdatering: Tysdag ettermiddag presiserer fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen, at han og Høgre respekterer at det er fleirtal på Stortinget for å halde fram med eit folkevald styringsnivå mellom kommunane og staten, altså fylkeskommunen eller regionane.