Hopp til innhold

Ekspert: – Fullt mogleg å tilby cruiseskipa landstraum for å unngå forureining

Norsk ekspert på landstraum for cruiseskip meiner det er fullt mogleg å byte ut dieselen med elektrisitet frå land for cruiseskipa. Det vil ha stor miljøverdi, seier han.

Flåm med cruiseskip

SKAPAR DEBATT: Om cruiseskip er ein positiv eller negativ ting har skapt heftig debatt i media den siste tida. Sivilingeniør Ragnar Gjørven meiner mykje kunne vere løyst med å tilføre skipa straum frå land for å unngå dieseleksosen. Han seier utstyret er tilgjengeleg, og at det ikkje bør vere ein altfor stor jobb å få dette på plass både på skipa og ved hamnene.

Foto: Merete HusmoHøidal / NRK

Sivilingeniør Ragnar Gjørven meiner det innan kort tid er mogleg å få til landbasert straum for å unngå eksosutslepp frå cruiseskip som ligg til kai.

Gjørven leia arbeidet med ein internasjonal standard for landstraumsystem som vart innført for to år sidan.

– Utstyret er jo tilgjengeleg. Vi burde kunne leggje til rette for dette i løpet av eitt års tid, seier han.

Lite har skjedd med landstraum

I sommar har den aukande forureininga frå cruisetrafikken fått mykje kritikk. Forureininga i Norge har blitt tidobla på ti år. Diesel vert brukt for å produsere straum medan cruiseskipa ligg til kai. Lite har skjedd for å erstatte diesel med elektrisitetskablar frå land, såkalla landstraum.

Denne veka vart Aurland og andre stader med cruisehamner oppmoda til å byggje landstraum med det same for å unngå konfliktar. Fleire innbyggjarar i Flåm i Aurland hadde til slutt fått nok av masseturisme og forureining, og bonde Anders Fretheim sette i gang ein rundballeprotest med slagord som «No cruise shit».

Etter oppmodinga om å få på plass landstraum, sa ordførar i Aurland, Noralv Distad, at det var for tidleg å gjere det.

– Årsaka til at det ikkje er kome på plass, er jo at det framleis ikkje er tilstrekkeleg regulert internasjonalt, og at skipa ikkje er teknisk tilrettelagde, sa han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bygdefolket har sett seg lei av cruiseturismen i Flåm

PROTESTAR: Ikkje alle er like glade i cruisetrafikken. I Flåm i Aurland starta ein bonde rundballeaksjon for å få i gang debatten.

Foto: Ole Andre Rekkedal

Skuldar ordførar for å vere passiv

Gjørven meiner derimot at ordføraren i Aurland overdriv vanskane med å fjerna forureininga i norske cruisehamner.

– Det burde ikkje vere nokon veldig stor jobb å få dette gjort, som er det viktigaste for å redusere utsleppa.

Ragnar Gjørven

VIL HA FRAMGANG: Ragnar Gjørven meiner det ikkje er ein stor jobb å få på plass landstraum i cruisehamnene.

Foto: Privat

Påstanden frå Distad er overraskande passiv og direkte feil, seier Gjørven.

– Eg vart veldig overraska i og med at vi gav ut ein internasjonal standard for tilkopling av skip til land for om lag to år sidan, seier han.

Gjørven leia dette arbeidet i den internasjonale elektrotekniske komiteen. Han fortel at han hadde eit møte med Aurland hamnevesen i 2012, der han blant anna orienterte om den nye internasjonale standarden som var gjeven ut. Standarden dekkjer krav til dei elektriske anlegga både om bord på skipa og i land.

Hamner som legg til rette for landstraum vil trekkje til seg cruiseskip som tek miljøforureining på alvor, meiner Gjørven.

Meiner alle skip må vere tilrettelagde

Distad seier han synest det er positivt at det vert jobba såpass mykje med landstraum. Han ønskjer dette velkomen, men held framleis fast ved at det er fleire omsyn ein må ta.

Noralv Distad

EI STOR OPPGÅVE: Ordførar i Aurland, Noralv Distad, held fast ved at det er mykje som skal leggjast til rette før ein kan få på plass landstraum.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Det eine er at det er ei stor investering å leggje til rette for landstraum i ein kommune som Aurland, og då må vi vere sikre på at vi har nokon som tek imot og betalar for straumen i den andre enden, slik at det vert ei investering som ikkje må subsidierast. Det andre er at skipa også må vere tilrettelagd slik at dei kan bruke landstraum i mange hamner samstundes, seier ordføraren.

Slik han tolkar det i dag er det endå ikkje lagt til rette for at alle cruiseskip kan ta imot landstraum. At Gjørve meiner dette er feil, svarar Distad slik på:

– Det kan vere for enkelte skip, det kan ikkje eg gå god for, men gjennomgåande vil det nok ta ein del tid, slik eg kjenner det. Det eine er å leggje det til rette på landsida, og det andre er at det vert tilrettelagd på skipa.

– Norge ligg langt bak

Gjørven seier det er vanskeleg å svare på når landstraum kan vere fullstendig bygd ut

– Det må hamnene sjølv svare for, men dei nye skipa vil vere tilrettelagd for dette og dei gamle må gjennom ei oppgradering av sitt elektriske anlegg.

Ifølgje Gjørven ligg Norge langt bak fleire andre land.

– Internasjonalt har det skjedd ganske mykje dei siste to åra. Vi har mykje installasjonar av landstraum i USA, og svenskane har vel no om lag tolv hamner med landstraumtilkopling. Då snakkar eg om både cruiseskip og containerskip.

(Artikkelen held fram under biletet)

Cruisebåtar i Flåm

TAKKAR NEI TIL MANGE: Driftssjef i Flåm Utvikling, Sivert Bakk, har tidlegare sagt til NRK at dei årleg takkar nei til fleire cruiseskip for at det ikkje skal bli for mykje for bygda.

Foto: Anders Fretheim

Meiner staten bør ta rekninga

Han meiner staten bør ta ein del av rekninga for at dei norske hamnene kan ta imot cruiseskipa på ein skikkeleg måte.

– I Sverige så dekkjer sentrale myndigheiter 30 prosent av kostnadane, etter det eg har fått opplyst.

Gjørven er pensjonist no, men jobbar framleis aktivt for å prøve å få i gang pilotprosjekt på landstraum i både Olden og Geiranger.

– Vi hadde eit møte for ei veke sidan. Eg har forsøkt å trigge dei til å gå føre med eit pilotprosjekt, men det er det å få det til ...

Distad seier han er klar over at det vert jobba med mykje positivt innan cruiseturisme, og håpar å kunne ta del i dette.

– Til dømes skal både Oslo og Bergen leggje til rette for rutegåande skip og sikkert også for andre, så det vi er interessert i no er at dette vert eit breiast mogleg samarbeid, slik at ein kjem fram til løysingar som fleire hamner både i Norge og elles kan leggje til rette for, seier han.