Hopp til innhold

– Frp treng ei intern opprydding for å stoppe hjartelause ytringar

– Hjartelause utsegn utan empati for flyktningane har skada Frp sin valkamp, seier fylkesordførarkandidat Frank Willy Djuvik frå Frp.

Frank Willy Djuvik

OPPRYDDING: Fylkesordførarkandidat Frank Willy Djuvik frå Frp.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Fleire utsegn, mellom anna frå tidlegare Frp-leiar og ordførarkandidat Carl I. Hagen prega valkampen til Frp også nasjonalt.

Djuvik meiner Frp no treng ei intern opprydding for å stoppe hjartelause ytringar.

– Vi har einskildpolitikarar som omtalar både flyktningar og asylsøkarar på ein måte som ein ikkje bør omtale andre menneske på, seier Djuvik

Hjartelause utsegn

Frp-politikarar landet over slikkar såra sine etter at årets lokalval vart ein stor nedtur.

Frp sin fylkesordførarkandidat i Sogn og Fjordane Frank Willy Djuvik seier at hjartelause utspel mot syriske flyktningar øydela for valkampen til partiet.

– Mangel på empati og hjartelause utsegn overfor desse menneska, og det trur eg partiet tar skade av, seier Djuvik.

Skada valkampen til Frp

Djuvik vil ikkje peike på enkeltutsegn eller enkeltpolitikarar. Det gjorde derimot avtroppande Frp-ordførar Kjell-Børge Freiberg i Hadsel kommune i går.

Ordfører i hadsel, Kjell Børge Freiberg

PEIKAR PÅ CARL I. HAGEN: avtroppande ordførar i Hadsel kommune, Kjell-Børge Freiberg (Frp).

Foto: Stein Inge Pedersen / NRK

Han meiner tidlegare partileiar og ordførarkandidat i Oslo, Carl I. Hagen, sine utsegn om flyktningar bidrog til eit dårleg val.

Det er jo ikkje alt Carl I. Hagen har gjort den siste tida som har hjelpt oss . Det er vel relativt openbart, seier Freiberg.

Hagen vil ikkje kommentere saka til NRK.

Skal evaluere

1. nestleiar Per Sandberg seier i ein SMS at dei skal evaluere valkampen på vanleg måte, medan 2. nestleiar Ketil Solvik-Olsen ikkje har svart NRK. Men Frank Willy Djuvik ber på si side den tause partileiinga om å rydde opp.

– Vi er nøydde til å slå hardt ned på ein del retorikk. Folk vegrar seg mot å røyste på Frp når ein omtalar menneske på ein nedsettande måte, seier Djuvik.