Hopp til innhold

Krev støtte frå heile fylket i kampen for E39

– Eg vil seie at det meir enn nokon gong er viktig å få på plass ny E39, seier ordførar i Førde, Olve Grotle, etter dagens hastemøte i Stamvegutvalet.

Olve Grotle og Jenny Følling

MÅ STÅ SAMAN: – Det ein sterk trykk på E39. Det må vi vere med på. Viss ikkje går pengane til andre prosjekt i andre fylke. Det er heilt vesentleg å forstå, seier Førde-ordførar Olve Grotle. Her saman med leiar i Stamvegutvalet i Sogn og Fjordane, fylkesordførar Jenny Følling.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er nesten oppsiktsvekkande at dei fire samferdselsetatane har sett det føremålstenleg å lage ein eigen rapport om utviklingsstrategien for ferjefritt og utbetra E39. Det viser den veldig vekta E39 har i rapporten.

I går la Avinor, Statens vegvesen, Jernbaneverket og Kystverket sitt felles grunnlag for Nasjonal Transportplan. Der vart ferjefri og utbetra E39 løfta fram som ein av sju nasjonale hovudprosjekt.

– Eg vil seie at det meir enn nokon gong er viktig å få på plass ny E39.

– E39 har fått ei særstilling

Grotle viser til at det i rapporten står at "når endringane vert så fundamentale som ei utbetra og ferjefri E39 vil vere, gir slike berekningar likevel ikkje heile svaret. Ein snakkar om store strukturendringar i heile samfunnet".

Også ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, meiner også E39 er viktig, i og med det er laga eit eige strategidokument om prosjektet.

Stamvegutvalet

SAMLA: Alle vil få nytte av ein utbetra E39, meiner Stamvegutvalet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det viser at E39 har fått ei særstilling i norsk samferdslepolitikk, og av nasjonal viktigheit. Det er ein enorm fordel og styrke for oss. Men ein skal ikkje gløyme at det er ein stor jobb å gjere i å gå frå å ha ein samla plan og at det teknologisk og organisatorisk mogeleg, til å faktisk kunne finansiere alle utbyggingane som er føreslått. Så det er ein stor politisk jobb att å gjere.

Under møtet i Stamvegutvalet var det eit krav at heile fylket og heile Vestlandet skulle støtte opp om prosjektet.

– Det er fordi prosjektet er avhengig av ein heilskap, og for å få ei tyngd må alle slutte opp om det. Og det er avhengig av at alle Vestlandsfylka er tydelege på at dette er prioritert.

Må stå saman

Førde-ordføraren er heilt på linje med venstreordføraren i Eid.

– No er tida kommen for at vi er samstemte her i fylket. Viss vi skal få det til må vi stå saman. Vi har sterke konkurrentar. No må vi vere om oss for å få dette til.

Men kvifor skal kommunar som ikkje har E39 gjennom kommunen støtte opp om prosjektet?

– Fordi E39 vil vere ei slags hovudpulsåre gjennom fylket. Viss ikkje vi har den vil vi komme endå lenger bak dei andre fylka. Får vi ei skikkeleg E39 kan dei andre få innmatingsvegar til denne korridoren.

Han poengterer at fylket ikkje får ein pott med pengar som fylket skal fordele og kjempe om viss dei ikkje blir brukt på E39.

– No blir det ein sterk trykk på E39. Det må vi vere med på. Viss ikkje vi er med går pengane til andre prosjekt og i andre fylke. Det er heilt vesentleg å forstå.