NRK Meny
Normal

«Stampa» er i ferd med å sige ut

– Fjellpartiet «Stampa» er i rørsle. Forvarselet om eit mogleg kjemperas er der, er den enkle oppsummeringa til tidlegare fylkesgeolog Bjørn Falck Russenes.

Stampa/Joasete frå Flåm

FORVARSEL: Fjellpartiet Stampa, mellom Aurland og Flåm, kan skape ei flodbølgje som er 80 meter høg om det rasar ut.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Falck Russenes seier terrenget sig og er i rørsle.

I verste fall kan eit fjellparti på 100 millionar kubikkmeter rase i Aurlandsfjorden og skape ei flodbølgje på 80 meter .

– Når du ser at terrenget søkk årleg, så er det ei form for forvarsel. Det både er der, og vi har hatt det, seier den tidlegare fylkesgeologen.

– Forvarselet er der

Bjørn Falck Russenes

AVVISER: Bjørn Falck Russenes avviser at han overdramatiserer rasfaren.

Foto: NRK

Fjellet er ein fylittisk og laus bergart med mykje sprekker. Med mykje vatn blir fjellet endå lausare, men ekspertane har vore usamde om fjellet brått kan rase ut utan forvarsel .

Falck Russenes, som i over 30 år var fylkesgeolog i Sogn og Fjordane, fortel at forvarselet til eit kjemperas allereie er der.

– For det første ser vi det er rørsle i terrenget i form av senkingar, så har det i lengre tid vore rørsle i nedre del av Stampa, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video nsps_upload_2008_11_11_11_23_41_682.jpg

Flodbølgje over Flåm

Uroa ordførar

Ordførar i Aurland, Noralv Distad (H) er uroa. Han fortel om vasskulpar som er vekke og om stølsbygningar som ber tydeleg preg av å ha vore i rørsle.

– Det stadfestar at det er eit område i rørsle, seier han.

– Har kommunen bevisst prøvd å dysse dette ned for å ikkje skremme innbyggjarane?

– Nei, det som har vore sagt frå fagfolk tidlegare er klart og tydeleg at det ikkje er vurdert å vere noko akutt fare. Det må ein halde seg til, seier Distad.

– NVE må handtere

SINTEF meiner det bør gjennomførast førebuande fjellboringar for å få betre kunnskap om situasjonen i fjellet. Dei håpar at det kan gje svar på om det vil vere naudsynt å drenere vekk vatn.

Problemet er berre at NVE så langt seier nei til å setje av dei fire millionane til å gjennomføre desse førebuande fjellboringar.

Russenes meiner arbeidet med å førebyggje rasfaren er så viktig og stort at det må over kommunenivå.

– Det er ei sak som NVE, som etat, bør handtere. Det er feil å la kommunen styre dette heilt åleine. Det er ei komplisert sak og ei kostbar sak som krev mykje ressursar, seier den tidlegare fylkesgeologen.

Lite truleg

Kommunikasjonsdirektør i NVE, Bjørn Svennungsen, ser på si side ingen forvarsel til noko kjemperas i Aurland.

Han viser til ei rekkje undersøkingar siste åra som stadfestar at det lite truleg vil kome eit kjemperas med påfølgjande flodbølgje i Flåm.

– Vi baserer oss på dei undersøkingar som NGU har gjort for oss. Noko anna vil vere feil. No er det slik at mindre steinblokker kan falle ned når som helst, som andre stadar i landet, men dei er ikkje store nok til å treffe fjorden og skape noko stor flodbølgje, seier han.

Avviser

Falck Russenes avviser at han overdramatiserer rasfaren i Aurland.

– Vi har jo hatt utglidingar i dette området tidlegare. Det ligg store skredmassar i fjorden frå før, seier han.

Video nsps_upload_2008_11_11_11_23_41_682.jpg

SJÅ: Stampa sett frå lufta.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.