Hopp til innhold

– Forsterkar behovet for stigebil

Brannen på Handelshuset i Førde laurdag understrekar behovet for ein stigebil i kommunen. Det meiner brannsjef i Førde.

Brann handelshuset

STIGEBIL: Brannvesenet i Førde treng ein liftbil for å effektivt kunne sløkkje brannar i høghusa i kommunen. Utfallet etter brannen laurdag kunne vore endå betre om utstyret hadde vore på plass, trur brannsjef Bernhard Øberg.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det var ei utfordring å kom seg opp i høgda. Sløkkinga vi sette i gong med på bakkeplan viste seg å ha mindre effekt. Hendinga forsterkar behovet vi har for høgre stigemateriell i Førde, seier brannsjef Bernhard Øberg.

Laurdag starta det å brenne på taket av handelshuset. Flammehavet stod opp, men i løpet av ein time hadde brannvesenet fått kontroll på brannen ti meter over bakken. Ei utfordring for brannvesenet i Førde er at dei ikkje har stige- eller liftbil, men må klare seg med skyvestigar. Betre utstyr kunne gjeve eit anna resultat.

Stort behov i fleire år

– Då kunne vi fått ein arbeidsplattform på same høgda som brannen, og utfallet hadde kan hende blitt enno mindre skade enn det vart, seier Øberg.

Bernhard Øberg

HÅPAR: Brannsjef i Førde, Bernhard Øberg, er glad for at ein ny liftbil til 8 millionar kroner er inne i budsjettet for neste år. I desember blir det endeleg avgjort om pengane kjem eller ikkje.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Allereie i 2010 fekk ein på bordet ei risikoanalyse som konkluderte med at fleire bygg i kommunen ville vere utfordrande å sløkke med det materiellet ein har tilgjengeleg. Nøyaktig kor mange hus det dreiar seg om veit ikkje brannsjefen.

– Det er ikkje noko som har endra seg sidan då. Behovet er der framleis, seier brannsjefen.

No ser det endeleg ut som ein ny bil med høgare rekkevidde kan vere på veg. Rådmannen har i sitt budsjettframlegg for 2016 gått inn for at ein kjøper ein stigebil til 8 millionar kroner. Ordførar Olve Grotle (H), trur helgas brann gjer det endå meir sannsynleg at den nye brannbilen kjem på plass.

– Eg har ikkje merka meg at nokon av politikarane i løpet av budsjettmøte i haust har vore interessert i å ta ut denne posten. Så eg reknar med at bystyret i desember fastset endeleg at vi skal kjøpe inn ein slik brannbil. Brannen i helga underbygger behovet vi har for det i Førde, seier Grotle.