Hopp til innhold

– Forma er overraskande bra

Sogndal sin nigerianske prøvespelar Edvin "Lala" Noso tykkjer barndomshelten Tore André Flo held seg godt. Sjølv seier veteranspissen at forma er overraskande god.

Tore André Flo

Tore André Flo held seg overraskande godt, seier han sjølv. Her etter treningskampen mot Førde.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det går overraskande bra med kroppen. Litt stiv er eg soklart, men det hadde eg rekna med, seier Brasildødaren frå 1998.

Klar for kamp

Trenar Harald Aabrekk har verken teke ut lag eller tropp til kampen mot Sarpsborg 08 på søndag. Flo seier han er klar om sjansen skulle koma.

– Lysta er no der. Om alt går greitt, so er eg klar til det, men eg vil ikkje skru opp forventningane, seier veteranspissen.

God form

Harald Aabrekk

Harald Aabrekk er overraska over kor godt Flo har heldt seg.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg kosar meg med fotball. Eg har vore fleire år utan, og det er ikkje det same livet, seier Flo, som er overraska over at kroppen ikkje er trøyttare etter ei veke med eliteserietrening.

Trenar Aabrekk er òg overraska over forma til den tidlegare Chelsea-stjerna.

– Tore har heldt seg forbausande bra, seier Aabrekk.

Prøvespelar på autografjakt

Edvin "Lala" Noso

Edvin 'Lala' Noso trefte barndomshelten sin på Sogndaltrening.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

At den nigerianske prøvespelaren Edvin "Lala" Noso skulle treffe ein av barndomsheltane sine på Sogndal-trening, kom som ei overrasking.

– Eg vart overraska over å sjå han her, men eg tykkjer han er veldig hyggjeleg og at han held seg veldig godt. Teknikken hans er der enno, seier Noso.

20-åringen forklarar at han heiar på Chelsea, og elskar Tore André Flo.

– Mitt favorittlag er Chelsea, so eg tykkjer særs godt om han. No skal eg få tak i autografen hans, smiler Noso.