Hopp til innhold

– Forholda vil berre verte tøffare og tøffare

Etter sesongens øydeleggingar fryktar norske fruktbønder for utfordringane dei vil møte på i framtida.

Dagnar Myrold fekk fleire titals epletre audelagt i uvêr i helga

RÅKA: Fruktbonden Dagnar Myrold opplevde store øydeleggingar som følgje av uvêret i helga.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg er ikkje berre redd for at det blir vanskelegare, eg er sikker på det, seier leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde.

Han meiner at auken i ekstremvêr gjer at norske frukt- og bærbønder må byrje å tenkje annleis om korleis dei skal produsere mat i framtida.

Trea knakk i to

Fruktbonden Dagnar Myrold er blant dei som har fått kjenne ekstra på uvêret som herja på vestlandet i helga.

I frukthagen ligg fleire titals epletre strødd utover. Bonden kan ikkje gjere noko anna enn å sanke inn epla som ligg der, og plante på nytt.

– Trea er øydelagde no, så det er ikkje så mykje meir å gjere med det.

Myrold fortel at sjølv om uvêret gjorde stor skade, så frykta han at det kunne gått langt verre.

– Det var jo forferdelege meldingar og snakk om orkan ut mot kysten, så eg venta meg litt av kvart, seier han.

Stor skepsis

Anders Felde seier at det er mange frukt- og bær-bønder som er bekymra for det aukande ekstremvêret ein har sett dei siste åra.

– Det trur eg me kan seie. Det er ei stor skepsis til vêrutfordringane, som me har sett i meir ekstrem form dei siste åra. Anten det gjeld kulde, nedbør eller sterk vind, seier han.

Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag

BEKYMRA: Bondelagsleiaren i Sogn og Fjordane, Anders Felde, fortel at mange fruktbønder er bekymra det aukande ekstremvêret dei siste åra.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Han meiner at dersom ein ønskjer å drive i bransjen, så er viktig å halde motet oppe sjølv om vêret bikkar i mot.

– Ein lyt berre stå på og plante nytt der noko er øydelagt. Så få me håpe det vert mindre problem i framtida, sjølv om det ikkje akkurat ser slik ut no.

Treng ein reformasjon

Meir ekstremvêr i framtida, vil bety stadig vanskelegare arbeidsforhold for norske fruktbønder. Felde meiner det er viktig å difor sjå til nye måtar å gjere det enklare svare effektivt på desse utfordringane.

– Me må jobbe for å sjå til nye metodar som kan avgrense og få ned risiko for skadar. Der må bønder vere flinke, for det blir vanskelegare å produsere mat i framtida, seier han.