Hopp til innhold

– Vi har ikkje ført nokon bak lyset

Norges Naturvernforbund meiner Fjord Base fører Flora kommune og innbyggjarane bak lyset i spørsmålet om utviding av Fjord Base. Oljebasen avviser påstanden.

Agnar Strømsnes

AVVISER: Direktør Agnar Strømsnes avviser at dei har ført folk bak lyset i samband med utvidinga av oljebasen.

Foto: NRK

Leiar Lars Haltbrekken viser til eit brev Statoil har sendt til Naturvernforbundet, der oljeselskapet skriv at dei ikkje har behov for meir areal til lagring av røyr.

Her er eit utdrag frå brevet:

Vi har imidlertid ikke signalisert et utvidet behov sammenholdt med det vi har i dag, og på det nåværende tidspunkt ser vi ingen økning i behovet i umiddelbar fremtid…… Det innbefatter all den aktiviteten som går fra rørlageret, både til norsk sokkel og globalt.

Det er planar om å sprenge og fylle ut meir enn 250 mål i den indre skjergarden i Florø, denne veka går høyringsfristen ut.

(Artikkelen held fram under biletet).

Røyrlager på fjordbase i Florø

NOK PLASS TIL RØYR? Frå røyrlageret til Statoil på Fjord Base.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– For all framtid

Naturvernforbundet reagerer på at Flora kommune startar planlegging av utfylling og planering store område av sårbar kystnatur.

Leder Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken

– FJORDBASE FØRER FOLK BAK LYSET: Lars Haltbrekken.

Foto: Vegard Erstad/NRK

– Dersom dei føreslegne planane blir vedtekne og gjennomførte vil dette vere irreversible naturinngrep. Florø by og Brandsøy-området vil for all framtid miste både dei naturkvalitetane som gjer eit lokalsamfunn verdt å bu i.

Naturvernforbundet skriv i ei pressemelding at dei er kjende med at Fjord Base argumenterer med at også andre oljeselskap har behov for areal. Men forbundet finn ikkje dokumentasjon for dette i plandokumenta.

Fjordbase avviser

Direktør Agnar Strømsnes ved Fjord Base avviser at dei har ført nokon bak lyset i arbeidet med å utvide basen.

Han seier at dei har sett på behovet i ein heilskap, og då er det ikkje berre Statoil dei har måtte ta omsyn til.

– Vi har prøvd å få fram ei totalhistorie på kva aktivitet som ligg føre oss i løypa som eit naturleg forsyningsområde og kva nye operatørar som kan vere aktuelle i ei utbyggingsfase dei neste åra, seier han og er overraska over uttalen frå Statoil.

Har sett på heilskapen

Oljegiganten har sagt at dei ynskjer å sentralisere rørbasen sin til Florø.

– Statoil har eit stort areal i dag, og dei kan sikkert gjere ting annleis for å utnytte det betre. Men om ein får større aktivitet hos Statoil, som mykje tyder på, då vil det vere behov for til dømes meir rør. Det er det vi har registrert siste åra, seier Strømsnes.

– Men no seier dei at dei ikkje treng meir areal?

– Det kan godt hende, men då har dei gjerne gode planer for korleis dei skal utnytte det dei har. Vår oppgåve er å sjå på heilskapen, og då er det ikkje berre Statoil sjølv om dei er ein stor aktør for oss.

– Vi kan ikkje leve av vern

Haltbrekken føreslår å sjå til Mongstad og areal der. For han er det naturen sitt ve og vel som er viktig. Ikkje kvar ting ligg. Strømsnes er klar på at han ikkje vil jobbe for at andre oljebasar får aktivitet som kan hamne i kystbyen.

– Eg meiner ikkje at vi skal jobbe for å flytte ting ut av fylket, seier han og held fram.

– Eg er trygg på ein ting, og det er at vi må ha ting å leve av også i Sogn og Fjordane. Eg trur ikkje vi kan leve av vern.

Usikker på følgjer

Det går føre seg no ein stor debatt i Florø om basen skal utvidast, og om den skal utvidast austover eller vestover.

Strømsnes er usikker på korleis den siste støyen vil påverke politikarane som snart skal seie sitt.

– Mykje har skjedd i debatten framover, og det er klart at jo meir debatt vi lagar og jo meir vi kan så tvil om det å få til noko i Florø til større sjanse er det for at det forsvinn ut. For dei andre basane både nord og sør for oss er heilt klar til å overta aktiviteten. Spørsmålet er om vi vil ha aktivitet, eller ikkje, seier han.