Hopp til innhold

– Overivrige foreldre er meir drepande enn dyrkande

– Foreldre skal leggje til rette og motivere, og ikkje stille krav og presse ungane, seier tidlegare landslagsspelar i fotball, Jostein Flo.

Flo snakker om Ødegaard

PROBLEM: Sportsdirektør i Strømsgodset, Jostein Flo, kjenner att problemet med overivrige foreldre. – Eg føler foreldre veldig ofte er eit problem for unge spelarar, meir enn det er skapande, seier han.

Foto: Eirik Haugen / NRK

Stryningen er no sportsdirektør i Strømsgodset, og kjenner att problemstillinga som både 2. divisjonstrenarane Terje Rognsø og Knut Erik Folland tek opp.

Leiarane opplever eit aukande problem med foreldre som pushar fram sine eigne ungar i den aldersfastlagde fotballen.

– Det er skilnad på å leggje til rette, stå bak, motivere og skape entusiasme hos ein idrettsutøvar, kontra å stå framfor og stille krav, presse og ikkje klare å lage motivasjon, seier Jostein Flo.

– Meir øydeleggjande

Til NRK.no fortel Førde-trenar Knut Erik Folland at påtrykket frå foreldre er så stort at trenarar rett og slett ikkje vil vere trenarar lenger.

– Vi må få gjort noko med det, seier han.

Rognsø og Folland

FÅTT NOK: Terje Rognsø (t.v.) og Knut Erik Folland tykkjer foreldre som er overivrige på borna sine vegne er eit problem. Eg trur det har vore ei endring i samfunnet, der foreldre no blandar seg meir inn. Samstundes er dei ein enorm ressurs. Så dette er veldig vanskeleg, seier Rognsø.

Foto: NRK

Sportsdirektør Flo ber foreldre bruke meir sunn fornuft når dei følgjer opp sine håpefulle. Flo meiner det ikkje gir ungane noko god indre motivasjon til å drive på med idretten.

Også i toppfotballen opplever dei foreldre som er overivrige på ungane sine vegne.

– Konsekvensen er at foreldra øydelegg meir enn dei klarer å leggje til rette, legg den tidlegare spissen til.

Trekte seg ut som trenar

Flo har sjølv ein son som spelar fotball i Godset. Han held seg difor langt vekke frå alt som handlar om laguttak. Det gjorde også Oddvin Hovland, far til Nürnberg-proff Even Hovland.

Even Hovland

SUKSESS: Utan ekstra påtrykk frå faren sin som trenar, utvikla Even Hovland seg til å bli ein landslagsspelar i fotball.

Foto: Arve Uglum / NRK

For det er ikkje berre uproblematisk med overengasjerte foreldre på sidelinja. Vel så stort kan problemet med foreldre som trenarar vere.

Sjølv vart Hovland oppmann for laget som sonen spelte for i sine yngre dagar.

– Vi såg det etter første sesongen at det ikkje var bra at vi som foreldre var trenarar. Det blir lett for at ein forfordeler sine eigne born. Vi trekte oss ut som trenarar og fekk tak i ein som ikkje hadde born der i det heile, seier han.

Hovland meiner det er viktig at foreldra er med på trening og kamp, men at dei ikkje bryr seg så mykje om det som skjer på treninga.

– Fleire som Hovland

Instituttleiar for Idrettsfag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Kari Aaberge, er samd. Skulen utdannar studentar som har stor kunnskap om både idrett og korleis få det beste ut av ungane.

– Eg skulle ynskje vi hadde veldig mange foreldre som far til Even Hovland. Dette er eit mønster for korleis det eigentleg bør vere, seier ho.

– Ungane vil veldig ofte tilfredsstille foreldra sine, men det er ikkje noko framtidsretta drivkraft, legg Aaberge til.

– Men korleis skal foreldre engasjere seg på ein konstruktiv måte?

– Ein skal støtte ungane i det dei driv på med, og med den rette pådytten og tilrettelegginga så finn ungane ut kva dei vil. Vil ein bli god, så må ein vere aktiv langt utover det som er organisert. Men då er det ei eiga interesse og eigeninitiert aktivitet, seier ho.

Øydeleggjande engasjement

I Drammen fryktar sportsdirektør Flo at for engasjerte foreldre kan øydeleggje motivasjonen og utviklinga til den enkelte spelar.

Han meiner spelarar i 13-årsalderen bør ha trenarar som ikkje sjølve har born på laget.

– Eg føler foreldre veldig ofte er eit problem for unge spelarar, meir enn det er skapande. Det er berre spelaren som har ein indre motivasjon, som må tykkje at det er moro med fotballen og som må ta dei ulike trinna som fotballspelar, seier han.

Flo seier at dei nest beste og tredjebeste spelarane i ung alder, har 90 prosent sjanse for å bli betre enn dei beste.

– Einarane, med foreldre som har for store planer, og som ikkje møter motgang eller må slåst på vegen, vil slite. Dei blir dyrka for mykje i ung alder, og det å vere for stor stjerne utan å ha noko å strekkje seg etter, det er ikkje bra, avsluttar han.