Hopp til innhold

– Førarkortet er viktigare her enn andre stadar

Kampen om å la elevar ta køyreopplæring i undervisningstida held fram. Kunnskapsdepartementet har sett foten ned, men no krev dei tre vestlandsfylka å få møte kunnskapsministeren.

Jenny Følling fylkesutvalet 7. desember 2015

MÅ SNU: fylkesordførar Jenny Følling seier at Torbjørn Røe Isaksen må snu, og gå med på at køyreopplæring blir gyldig fråvær, mellom anna i Sogn og Fjordane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi vil fortelje han kor viktig det er med førarkort her i distriktet, og kor kronglete det er at ein ikkje kan ta køyretimar i skuletida. Det seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling.

Det var ho som i dag tok initiativ til at fylkesordførarane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane i eit brev ber om å få treffe kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Bakgrunnen er at opplæringsutvala i dei tre fylka har vedteke at den obligatoriske delen av køyreopplæringa skal vere gyldig grunn til fråvær i den vidaregåande skulen. Statssekretær Magnus Thue i kunnskapsdepartementet var raskt ute med å avvise det framlegget.

– Dei kan ikkje berre vedta det, sa han til NRK i førre veke, og gjorde det klart at regjeringa sitt reglement for fråvær er nasjonalt, og gjeld i alle fylke.

Dei tre opplæringsutvala står likevel på sitt, og no vil dei altså ha ein prat med personen som har det øvste ansvaret for det heile.

Meiner det har fungert lenge

– For å få førarkort må ein ha mykje undervisning, og det har jo fungert i mange år på den måten har ein har klart å gjere dette ved sidan av undervisninga på skulen, og vi ser ikkje kvifor det ikkje skal kunne fungere slik vidare, seier Følling.

Kunnskapsdepartementet har tidlegare gjort det heilt klart at køyreopplæring ikkje er gyldig fråvær, heller ikkje i vestlandsfylka. Følling håpar likevel at møtet kan få ministeren til å skifte meining.