NRK Meny
Normal

– For tidleg å snakke om masteflytting

Utbyggarane som vil sette opp vindkraftverk i Gulen, rett ved ei hovedsendemast, kan måtte betale over 100 millionar kroner for å sikre gode TV- signal.

TV-sendaren i Gulen

KONFLIKT OM VINDMØLLER: Norkring meiner vindmøller ved hovudsendaren på Brosviksåta i Gulen vil øydelegge for dekninga på heile Vestlandet.

Foto: NRK

Norkring meiner vindmøller ved hovudsendaren på Brosviksåta i Gulen vil øydelegge for dekninga på heile Vestlandet. Dei har klaga saka inn for olje- og energidepartementet. Når dei fram, må sendemasta flytta på utbyggaren si rekning. Dette vil koste mange millionar kroner.

Direktør Anders Gaudestad i SAE Vind meiner det er for tidleg å konkludere i denne saka.

– Vi veit det er krevjande og det er eit kostbart tiltak som eventuelt må gjennomførast. Vi bør bruke meir tid for å komme til botn i saka, seier han.

Dei har fått konsesjon av Norges Vassdrag- og Energidirektoratet til å byggje ein vindmøllepark, nokre titals meter frå sendemasta som dekkjer store deler av regionen med radio- og tv-signal.

– Brosviksåta er eit fjell vi har vurdert over lang tid, og vi har fått konsesjon, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ein vindmøllepark e planlagd rett attmed ei av dei viktigaste sendemastene i Sogn og Fjordane. Det kan forstyrre TV-signala, meiner Norkring.

SJÅ TV-SAKA: Ein vindmøllepark er planlagd rett ved ei av dei viktigaste sendemastene i Sogn og Fjordane. Det kan forstyrre TV-signala, meiner Norkring.

Tykkjer det er alvorleg

Norkring som driv hovudsendaren, meiner vindmøllene vil øydelegge dekninga i heile regionen. Dei har no klaga inn saka til Olje- og energidepartementet.

– Dette er så alvorleg at det ikkje er plass til begge deler. Blir dette vedtaket ståande, må vi flytte på oss. Må vi byggje opp ein ny stad, blir ikkje det av like god kvalitet som i dag, seier Jørgen Thaule som direktør i Norkring.

Om utbyggjarane må flytte sendemasta, vil det ifølgje eit klagebrev frå Norkring kunne koste mellom 50 og 100 millionar kroner. Ifølgje Thaule kan det bli snakk om betydeleg høgare summar.

Direktør for konsesjonsavdelinga i NVE, Rune Flatby, seier tiltaka er det i tilfelle utbyggar som skal gjere.

– Når det gjeld høyringsuttalen vi fekk frå Norkring, har vi allereie sett vilkår om at det er utbyggjar som må koste dei tiltaka som sikrar TV-signala.

Har ikkje teke endeleg avgjerd

Anders Gaudestad i SAE Vind meiner det er for tidleg å konkludere kva tiltak som skal setjast, men 100 millionar kroner for å flytte ei sendemast kan bli for mykje.

– På alle prosjekta våre må vi sjå totaløkonomien før vi tek endeleg avgjerd. Det har vi ikkje gjort i dette tilfellet, seier han.