NRK Meny
Normal

– For mange spørsmål om truverdet mitt

SV-politikar Heidi Kathrin Osland søkte seg friteken frå vervet som kommunestyremedlem. Osland greidde ikkje fleire spørsmål omkring truverdet hennar, og følte seg utnytta.

Created by InfoDispatcher

Foto og redigering: Johan Moen.

Kommunestyrerepresentant for SV i Sogndal, Heidi Kathrin Osland, vart i kveld fristilt frå si rolle i kommunestyret, mot Framstegspartiet sine to røyster.

– Eg tykkjer det er trist å forlate politikken. Eg kom til eit punkt der eg tykte nok var nok. For meg var det for vanskeleg å kombinere det å vere sjølvstendig næringsdrivande med det å vere politikar.

Politikk og næring i konflikt

Osland er arkitekt, og har opplevd at kontoret hennar har mista oppdrag.

– Det vart for mange situasjonar der eg tenkte at folk utnytta det at eg var politikar til vere mot prosjekt som mitt kontor jobba med. Og det ønsker eg ikkje, seier Osland.

Osland har vore varaordførar og i formannskapet. Men livet som folkevald har gått ut over jobben som medeigar i eit arkitektfirma. Ho har vorte skulda for ugildskap og rolleblanding.

– Eg er avhengig av nøgde kundar for å ha eit levebrød, og dersom det vert stilt for mange spørsmål rundt truverdet mitt og omdømet mitt, så er det veldig uheldig for meg, seier ho.

– Vert brukt som hersketeknikk

Fylkesmann Anne Karin Hamre meiner det er trist at folkevalde føler politikk kjem i konflikt med jobben som næringsdrivande.

– Det er veldig viktig å ha folk med næringslivsbakgrunn i politikken. Politikarane skal spegle befolkninga, og vi treng eit mangfald, seier Hamre.

Hamre meiner at enkelte brukar argument om ugildskap for å kontrollere andre.

– Mi oppleving er at påstandar om ugildskap ofte blir brukt som ein hersketeknikk, seier fylkesmannen.

Ordførar Jarle Aarvoll (Ap) meiner lokaldemokratiet må ha rom for ulike yrke.

– Det vil alltid vere positivt for lokaldemokratiet at ein speglar samfunnet, både aldersmessig, kjønnsmessig og yrkesmessig, seier Aarvoll.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fylkesmann Anne Karin Hamre

HERSKETEKNIKK: Argument om ugildskap vert brukt som hersketeknikk, meiner fylkesmannen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Overvekt frå offentleg sektor

Det finst inga nasjonal oversikt over kva yrke folkevalde har. Men fleire mindre undersøkingar viser at offentleg tilsette er overrepresenterte.

– Eg tenkjer at det er viktig at eit kommunestyre er breitt samansett, og har representantar frå alle gruppe i samfunnet. Då er sjølvstendig næringsdrivande ein del av den breidda. Så det er uheldig at det er få av oss rundt om i kommunestyra, ja, seier Osland frå SV.

I Sogndal driv berre fem av kommunestyremedlemmane eige firma. Osland meiner det er vanskeleg å svare på kva som kan gjere politikken meir leveleg for sjølvstendig næringsdrivande.

– Men ein må respektere at sjølvstendig næringsdrivande er heilt vanlege folk. Dei er ikkje ute etter å mæle si eiga kake, dei ønsker å bidra positivt til samfunnet på lik linje med alle andre. Respekt for det hadde vore veldig viktig, seier Osland.

Osland seier ho har fått lite tyn på gata i Sogndal, og at ho har mange gode støttespelarar.

– Samtidig er det slik at det er utruleg kor mykje merksemd ein person kan få i stand. Så du treng kanskje ikkje meir enn ein handfull personar som ønsker å gjere noko mot deg, så klarar dei det.

– Det er berre litt over eitt år att til neste val. Burde du ikkje greidd å halde ut?

– Det skulle eg ønske eg hadde gjort, men det klarte eg altså ikkje, seier arkitekten.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser